BaseCamp Kyst på Værlandet

Padletur rundt Alden i solskin
Padletur rundt Alden i solskin Foto: Fjeldfolk

10 ungdomar mellom 13 og 16 år kom frå både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn for å bruke siste del av sumaren på kystliv og nye utfordringar. Kort oppsummert har BaseCamp Kyst vore solskin, shortsvêr og sjøliv!

Me har hatt ei flott veke med ein kjempefin gjeng! I løpet av desse fem dagane har me fått oppleve mykje av det kystlivet har å by på- padling, fridykking, villsausafari og ørnekikking. I tillegg har me også besteget Høgekletten, det høgaste punktet på øya som reiser seg heile 163 meter over havet. Dyktige instruktørar frå Go `kajakk og Fjeldfolk og lokale Anders Braanaas har geleida oss gjennom alle aktivitetane. Me har budd på det gamle skulehuset på Værlandet kor me har hatt fine kveldar med spel av fotball og volleyball, samt kortspel og yatzy. Siste dagen vart me invitert av Anders på ein hyggeleg grillaften på eigen terrasse.

Me har storkost oss og vonar dykk kjem attende neste år!

Helsing leirleiarane Anette og Ingvild

På toppen av det høgaste fjellet på Bu- og Værlandet; Høgekletten
På toppen av det høgaste fjellet på Bu- og Værlandet; Høgekletten Foto: Anette Bjune Granli
Kajakkpadling til Alden med Go `kajakk og Fjeldfolk i eventyrleg vêr
Kajakkpadling til Alden med Go `kajakk og Fjeldfolk i eventyrleg vêr Foto: Fjeldfolk
Livet i fjæra
Livet i fjæra Foto: Fjeldfolk
Sjefane på øya
Sjefane på øya Foto: Anette Bjune Granli
Tid til litt villsaukos
Tid til litt villsaukos Foto: Anette Bjune Granli
Krabbefangst
Krabbefangst Foto: Fjeldfolk
Fridykking på Værlandet med Go `kajakk og Fjeldfolk
Fridykking på Værlandet med Go `kajakk og Fjeldfolk Foto: Fjeldfolk
Fuglekikking etter ørn
Fuglekikking etter ørn Foto: Ingvild Frækaland Austad
Anders Braanaas tok oss med på sykkeltur og ørnesafari
Anders Braanaas tok oss med på sykkeltur og ørnesafari Foto: Ingvild Frækaland Austad

Skrevet av Jette Bergfjord 12. august 2019