Foto: Espen Bruun

Medlemsrekord

Den Norske Turistforening (DNT) har ny medlemsrekord i sommar og har passert 260.000 medlemmer. Sogn og Fjordane Turlag , som er ei av dei 57 foreiningane i DNT, kan også vise til god medlemsrekord og har 400 fleire medlemer i år enn same tid førre året. Fylkesforeininga med sine 14 lokallag kan såleis gle seg over ein auke på 6,9 prosent og nærare 6300 medlemer. Til tross for ein sein og kald sommar fleire stader i landet blei det i juli sett ny medlemsrekord og det med god margin, melder dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

- Eg er stolt av alt arbeidet som dei frivillige i lokallaga legg ned for å leggje til rette for turar og aktivitet for liten og stor. Det er dette som gir grunnlaget for ein stadig aukande medlemsmasse. Det er svært inspirerande å jobbe i ein organisasjon som gir grunnlag for optimisme og spennande opplevingar for alle, seier ho.


BaseCamp
Ungdomane i vårt fylke står og for ein god del av medlemsauken vår og 10. august startar den tredje BaseCampen (BC) i vår regi. Då har ungdomar fått prøvd og opplevd friluftsliv på BC Vinter på Fivla i Luster, BC Sommar på Tungestølen og nå sist BC Kyst på Værlandet.  Desse campane er opne for alle, men mange melder seg inn i høve påmeldinga og får rimelegare deltakaravgift.

Også i lokallaga er det høg ungaktivitet og særleg i Ytre Sogn der dei arrangera leirar for skuleungdom både vinter, vår og haust og friluftsveke nå i juli. Dei unge må også lære friluftsliv og prøve sine eigne grenser i trygge omgjevnader og rettleiing. Dette får ungdomane oppleve på alle desse arrangementa, og fleire lokallaga er med og tek kostnaden for sine medlemer.

Populær DNT-nøkkel
DNT-nøkkelen, som medlemer kan skaffe seg på turlagskontoret og hjå nokre lokale sportsbutikkar, er det stor rift om og fleire og fleire vel å skaffe seg den som ein medlemsgode. Denne gir deg tilgang til 500 turlagshytter, og lokallaga har hatt god pågang besøk sine hytter i sommar. Ikkje alle hyttene nyttar denne standarnøkkelen, og du finn god info om hyttene finn ein på UT.no. 

Skrevet av Astrid Kalstveit 4. august 2015