Nytilsett prosjektleiar friluftsliv

Foto: Privat

Marie Sørum (26 år) overtek stafettpinnen etter Jette Bergfjord, som prosjektleiar friluftsliv - born og unge med oppstart 1 oktober. Stillinga er 50% og arbeidsstaden vil vere på turlagskontoret i Førde. Du vil møte Marie på kontoret tre dagar ei veke og to dagar i veka etter.

I fjor var Marie leirleiar på Basecamp Sommar og Kyst og som frikøyringsinstruktør på Basecamp Vinter i år. Marie har ei bachelorutdanning og ein mastergrad frå Høgskulen på Vestlandet med fokus på Folkehelse. Ho er ein aktiv person som likar å vere der det skjer! Marie er busett i Førde, og i tillegg til prosjektstillinga er ho vikar på ein barneskule.

Prosjektleiaren ynskjer å halde fram med aktivitet, som den forrige prosjektleiaren starta opp. Det inneber å vidareutvikle ung-lag tilknytta lokallag, halde fram å utvide friluftstilbodet med ulike aktivitetar for born og unge, og bidra til at ungdom blir kjent med tilboda til DNT. Og Marie Sørum er opptatt av at flest mogleg skal få moglegheit til å komme seg ut og oppleve dei fantastiske meistringsopplevingane ein kan få ute i naturen.

Stillinga er finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og er vidareføring av ei 50% prosjektstilling.


Skrevet av Astrid Kalstveit 2. oktober 2019