Høg trivsel på SFT si fellessamling på Sandane

God stemning i Trivselsskogen i vakkert novembervêr
God stemning i Trivselsskogen i vakkert novembervêr Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Tillitsvalde frå lokallaga og styret i Sogn og Fjordane Turlag var samla til felles møtepunkt på Gloppen Hotell, Sandane 16.-17. november. Det heile starta med morgontur i Trivselsskogen og turleiing av Katrine Fjellestad Aske , styreleiar Midtre Nordfjord Turlag, og Knut Roger Nesdal, den personen som starta det heile her oppe i skogen.
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT vitja samlinga og var med på omvisninga, serveringa og samlinga på hotellet. Han rosa det vakre nærturområdet, der gode og dyktige lokale menneske og organisasjonar har samarbeida om eit stort felles prosjekt.

Lokallaga sine tillitsvalde hadde gleda av å dele sine "Gode praksis" med Dag Terje og deltakane på samlinga. Spanande, nye og eldre hytteprosjekt i Ytre Nordfjord, Vik og Luster blei presenterte, men også gode samarbeidsprosjekt, utlån turutstyr, seniorturar og Barnas Turlag var gode tiltak ute i laga.

Klarp Solvang hadde innlegg søndag om DNT sine vegval og mana til samarbeid mellom foreiningane og sentralt i DNT. Eitt lag-eitt DNT. Han ynskte fleire ut i naturen og auka medlemsmasse, som kunne få nyte godt av alle tilboda våre. I 2020 er temaåret "Berekraft" i DNT og ekstra viktig tenkje gode naturvenlege løysingar i drift hytter, transport og forbruk. Og nedbygging av landskap, gjeld ikkje berre klimaspørsmål, men også det biologiske- og naturmangfaldet vårt, heldt Dag Terje fram. Klimakrise og biomangfald skal ha like stort fokus og med best mogleg løysingar for naturen. 

Gruppearbeid og diskusjon i høve regionalisering var tema laurdagen og deltakarane fekk kome fram med sine synspunkt på nåverande og framtidige strukturar i foreininga, Sogn og Fjordane Turlag. Denne prosessen vert ført vidare i styret og vedtak gjort på årsmøtet SFT, 25. januar 2020.

Gloppen Hotell laga ei vakker ramme rundt samlinga med gode matsmakar, i tillegg fagleg påfyll og diskusjonar, og deltakarane fekk ei inspirerande og aktiv helg.

Dag Terje Klarp Solvang i lag med styreleiar SFT, Siv Merete Stadheim, og Marie Sørum, prosjektleiar born og unge.
Dag Terje Klarp Solvang i lag med styreleiar SFT, Siv Merete Stadheim, og Marie Sørum, prosjektleiar born og unge. Foto: Astrid Kalstveit
Ein lystig turgjeng ved Fosseteateret og Holvikfossen, Trivselsskogen
Ein lystig turgjeng ved Fosseteateret og Holvikfossen, Trivselsskogen Foto: Vigdis Flaten Kamme
Marie Sørum og Silje Marita Vallestad viser veg opp og fram for SFT.
Marie Sørum og Silje Marita Vallestad viser veg opp og fram for SFT. Foto: Astrid Kalstveit
Medlemer i regionaliseringsgruppa la fram 4 ulike modellar for framtidig struktur SFT, f.v. Ronny Iden, Roy Raasholm Fauske, Irene Lunde og Olav Auflem.
Medlemer i regionaliseringsgruppa la fram 4 ulike modellar for framtidig struktur SFT, f.v. Ronny Iden, Roy Raasholm Fauske, Irene Lunde og Olav Auflem. Foto: Astrid Kalstveit
Gruppearbeidet var inspirerande og avklarande i høve kva modell mest tenleg å gå vidare med.
Gruppearbeidet var inspirerande og avklarande i høve kva modell mest tenleg å gå vidare med. Foto: Astrid Kalstveit
Ron Overdevest, leiar Naturvernutval SFT, Elisabeth Dahle frå FNF og Dag Terje Klarp Solvang har tett samarbeid i høve aktuelle naturvernsaker.
Ron Overdevest, leiar Naturvernutval SFT, Elisabeth Dahle frå FNF og Dag Terje Klarp Solvang har tett samarbeid i høve aktuelle naturvernsaker. Foto: Astrid Kalstveit
Karen Weichert, styreleiar Vik Turlag, fortalde om omfattande renovering Målsethytta i sitt innlegg.
Karen Weichert, styreleiar Vik Turlag, fortalde om omfattande renovering Målsethytta i sitt innlegg. Foto: AAstrid Kalstveit
Kartrine Fjellestad Aske og MNT var vertslag for samlinga og saman med Knut Roger Nesdal gav dei oss ei vakker og storslagen nærturoppleving ute i det fri.
Kartrine Fjellestad Aske og MNT var vertslag for samlinga og saman med Knut Roger Nesdal gav dei oss ei vakker og storslagen nærturoppleving ute i det fri. Foto: Astrid Kalstveit
Eit godt og omfattande arbeid er gjort av sherpaer og dugnadsfolk.
Eit godt og omfattande arbeid er gjort av sherpaer og dugnadsfolk. Foto: Astrid kalstveit
Dag Terje tek gjerne turen attende til oss, etter lese seg opp på turforslag i OPPTUR-boka.
Dag Terje tek gjerne turen attende til oss, etter lese seg opp på turforslag i OPPTUR-boka. Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 20. november 2019