Sprek ungdom ytst i havgapet

Foto: Espen Bruun

For fyste gong har DNT Ung Sogn og Fjordane arrangert BaseCamp Kyst, og sjølvsagt valde vi å leggje den ut til Værlandet og Bulandet. Frå før av arrangerer vi BaseCamp på Fivlehyttene og Tungestølen, men endeleg har ungdomane fått ein BaseCamp Kyst. På Værlandet og Bulandet har vi hatt fullt fokus på det kystbaserte friluftslivet. Vi var så heldige å komme i kontakt med Anders Braanaas og Hilde Buer, som hadde nokre gode forslag på kva vi kunne ha av aktivitetar der ute, samt høve til overnatting. Vi nytta oss av det gamle skulehuset på Værlandet til overnatting og som base for dei ulike aktivitetane vi skulle ha i løpet av veka. 

Foto: Jan Vidar Øyen

Måndag 10. august hadde vi oppmøte på kaia i Askvoll, for å ta ferja ut til Værlandet og her var det 13 spente ungdomar og 3 spente leirleiarar som møtte opp og var klare for nokre fine dagar ytst ved havet. Turen over gjekk greitt og ved framkome var det fort gjort å installere oss på romma. Vi fekk besøk av Anders og Hilde som ønskte oss velkomne. Dei fortalde om området vi var i og kva vi skulle få oppleve desse dagane. Etterpå kledde vi på oss og tok ein tur ut i området og med mål å komme oss opp på Høgkletten (158 moh.). Vi fekk oss 2 fine timar ute før det var tid å komme seg tilbake og lage middag. Etter middagen var det eit par av gutane som var gira på å teste fiskelykka, og dei kom tilbake med 1 lyr og 14 småmakrell som blei til god kveldsmat.

Tysdagen hadde vi leigd inn Øyvind Korsøen frå Go’ Kajakk og planen var å få ein fin tur rundt øyane, men her sette vinden ein ganske effektiv stoppar. Det var 14m/s i vindstyrke og med ei så stor gruppe, måtte vi gjere om på planane. Vi fekk oss ein fin, liten padletur innaskjers, og dei aller fleste fekk prøvd seg på korleis det er å gå rundt i kajakk, nokon opp til fleire gonger. Då vi avslutta så var det fleire som å ville teste badevatnet. Vel tilbake på skulen var det varm dusj og middag som lokka, før vi tok ein felles kveldstur med fisking. 

Onsdagen var det fleire aktivitetar vi skulle igjennom. Det var både snorkling, villsau-safari og matlaging i fjøra med sjølvfanga fisk. Vi delte gruppa i to der den eine gruppa skulle vere med Grethe Hillersøy og snorkle, medan andre gruppa skulle vere med Hilde Buer for å sjå på villsau. Snorklinga var ei fin, men litt kald oppleving. Det var ein del spennande å sjå, og vi fekk plukka opp både olbogeskjel og strandsnigel, som vi skulle nytte til middagen. Det var å ei stor oppleving å vere med Hilde Buer ut, og fyst høyre om kystlyngheiane og korleis desse vart nytta frå gamalt av. Og ikkje minst artig, når ho lokka på villsauene sine og det kom opp i mot 100 dyr i full fart mot oss for å få litt tørrfôr og kos.

Etter lunsj og gruppebytte avslutta vi dagen med å lage middag i fjøra med god hjelp frå Gry Tokvam frå Fiskesprell. På menyen sto det fiskewok med sjølvfiska råvarer, nystekte pannebrød, dampa sniglar og olbogeskjel og grilla østers til dessert. Vi hadde å ei havørn som sirkla over oss, og med sol og lite vind var dette ei perfekt avslutning på ein fin dag.

Torsdagen kom med seg sol og varmt vêr og laga ei fin rammer for den siste dagen med aktivitet. I løpet av dagen sto det klatring og sykkeltur med fuglekikking på programmet. Vi fekk med oss Irene Befring som klatreinstruktør, og i lag med eine leirleiaren fekk dei til slutt rigga opp sikring for topptau på Børekletten, og ungdomane fekk prøvd seg på klatring i konglomerat. Torbjørn Løland frå Kvernsteinsparken i Hyllestad var med og fortalde om korleis konglomeraten var blitt danna.

Vi hadde med også med Anders Braanaas, og han tok ansvaret for sykling rundt på Værlandet og ut til Melvær, med nokre stopp undervegs for å kikke på ulike fugleartar. Dagen vart avslutta med heimelaga pizza ute i sola. Fredagen gjekk med til utvask og vi fekk også tid til eit kjapt besøk på Norsk Sjøfuglsenter i Værlandet Gjestehamn.

På vegne av leirleiarane, Jan Vidar Øyen, Anette Catrin Olsen og underteikna, vil eg få takke for ei kjempefin veke med flott ungdom og mykje bra opplegg!

Foto: Espen Bruun

Skrevet av Espen Bruun 20. august 2015