Friluftslivet sine ferdselsårer

Håkon Tufteland heldt innlegg om Friluftslivet sine ferdselsårer.
Håkon Tufteland heldt innlegg om Friluftslivet sine ferdselsårer. Foto: Astrid Kalstveit

Håkon Tufteland, prosjektleiar for "Friluftslivet sine ferdselsårer", Vestland fylkeskommune, vitja årsmøtet til Sogn og Fjordane Turlag sist laurdag og gav oss ei innføring i kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde (areal). Tufteland viste til Handlingsplan for friluftsliv (MD 2019), som inneheld ei rekkje tiltak og føringar, og omfattar både ivaretaking og utvikling av areal og motivering til friluftsliv.

Regjeringa ville gi eit løft for ferdselsårene i friluftslivet og starta i 2019 eit eige prosjekt, men formål å fremja eit nettverk turstiar og padleruter i kommunane. Eit viktig mål med prosjektet er at alle merka stiar og løyper skal leggjast inn i Nasjonal database for tur- og friluftsruter. Sjå Tufteland sitt innlegg her.

Skrevet av Astrid Kalstveit 28. januar 2020