Skredvettdagen 9 februar

Sogn og Fjordane vart sterkt representert under årets nationale Skredvettdag, den 9 februar 2020. Heile tre arrangement vart gjennomført, i Hornindal i regi av Indre Nordfjord Turlag, på Seimsåsen i Årdal av Fjellsportgruppa i Årdal og i Sogndal Skisenter arrangert av Kurs- og fjellsportgruppa i Sogn og Fjordane saman med DNT ung Sogn og Fjordane.
Toppturer vinterstid har blitt ein folkesport. Ferdsel i vinterfjellet stiller også høge krav til deg. Det vart mange som fikk både ei innføring og ei oppfrisking av kunnskapen på søndag! Å ta ansvar for eiga sikkerheit på tur, er ein grunnleggjande del av norsk turkultur.
Dei ulike arrangementa hadde ulike dagsplanar, men felles for dei alle var å ha fokus på fornuftig ferdsel i vinterfjellet, og korleis ein kjenner igjen skredterreng, og kva ein skal gjere dersom uhellet er ute.
Sogn og Fjordane Turlag takkar alle samarbeidspartnarar i gjennomføringa av skredvettdagen! Det vert pølseeting (sponsa av Gilde), utlodding av premier (Sponsa av Bergans), og mykje aktivitet i dei aktuelle skitrekka (Seimssåsen-, Hornhindal- og Sogndal skisenter).





