Mykje engasjement mellom ungdommane i Vik i Sogn

Vik Turlag har i 2020 etablert ei DNT ung gruppe i Vik. Torsdag 5. mars hadde dei sitt fyrste møte ut mot ungdommane i Vik, som fekk kome med forslag til turar og aktivitetar.
DNT ung Vik steikte pizza til ungdommane som møtte opp på idémyldringa torsdag kveld. Det kom tilsaman 12 konkrete forslag rundt bordet, og styret i DNT ung Vik var fornøyde med gjennomføringa og idemyldringa.
- Nå må vi setje oss ned og planlegge og sjå kva turar vi kan få til, seier Sigrid Melheim, leiar i DNT ung Vik. Det hadde vore fint med ein hytte- til hytte tur i Stølsheimen mellom anna.
Etter pizzaeting og idémyldring vart kvelden avslutta med klatring i Blixhalli. Dette er noko ungdommane i DNT ung Vik verkeleg kan, fordi dei har ungdomsklatring ein gong i veka.


