Koronavirus-dette gjer vi

Varden på Klakegga.
Varden på Klakegga. Foto: Svenn Petter Kjerpeset

Sogn og Fjordane Turlag føl råda frå DNT sentralt og avlyse våre planlagde aktivitetar som kurs og BaseCamp Vinter. Avgjerda tek vi grunna den raske utviklinga i COVID-19 situasjonen og myndigheitene sine innstendige råd om at alle nå sluttar opp om dugnaden for å avgrense smitten.

Turlagskontoret vert stengt inntil vidare og all utlån av utstyr i vår regi (SFT/IST) vert stoppa.
Du kan nå oss på telefon 482 36 615 /918 07 899. Føl også med på lokallaga sine nettsider/fb.

Vi føl elles dei anbefalingar myndigheitene kjem med i høve Covid-19.
SFT oppfordrar alle til å følgje råd og informasjon frå Folkehelseinstituttet.

Ynskjer deg godt friluftsliv i eigen regi.




Skrevet av Astrid Kalstveit 12. mars 2020