Turlaget forlengjar den nasjonale dugnaden

Foto: Kjell Kleiven

Me avlyse alle turane og aktivitet fram til 1. mai. Hyttene er berre tilgjengelege ved naud.


Me i Sogn og Fjordane Turlag og lokallaga vil bidra der vi kan i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte. Me har dermed bestemt å avlyse alle turar, kurs, møter og arrangement fram til 1. mai. Før galdt denne avlysingen fram til 19. april, nå er det altså ingen aktivitet fram til 1. mai. Alle som har meldt seg på turar og kurs i det aktuelle tidsrommet har blitt og blir kontakta direkte.

Utset hytteturen

Hyttene er opne (nokre har DNT-lås) for å sikre ly til dei som alt er i vinterfjellet, men me rår frå hyttebesøk og lengre turar i perioden framover. Betente hytter i landet, altså hytter med betening og matservering, vil berre halde ope som sjølvbeteningskvater, altså utan tilsette, men med moglegheit finne matlager. Ved dei betente hyttenesom ikkje har moglegheit for sjølvbeteningskvarter vil det vere eit minimum av bemanning for å ivareta tryggleiken for dei som eventuelt er ute.

Vinterfjellet har tidvis krevjande tilhøve og vêromslaga kan kome brått. Hyttene våre står der som ein tryggleik for dei som alt er på tur og som treng ly.

Turlagskontoret fysisk stengt

Turlagskontoret (turinfo) vil i fyrste omgang vere stengt inntil vidare, men me svarar på telefon, e-postar og henvendingar i sosiale medier. Du kan kontakte oss på e-post: sft@dnt.no eller telefon 482 36 615. Me svarar på henvendingar måndag-fredag frå kl. 9-15 (kan vere unntak, men e-post ok). Turlagskontoret er stengt og all utlån av utstyr står på vent i denne perioden.

Nå er det nærtur som gjeld

Ta med deg mat ut i skog, mark eller på stranda. Tenn bål, lag pinnebrød, bu ei natt i hengekøye eller gå ein sti du aldri tidlegare har gått.

Gå gjerne til eit turmål med turpostkassar, men vent med å skrive deg inn i bok. Last heller ned vår digitale turpostkasse SjekkUT .

Her kan du sjekke inn på turmål digitalt heile døgnet. Appen er gratis. Du finn også tusenvis av nærturar på UT.no

4 råd til deg som skal ut på tur i nærmiljøet

* Kjenn på din eigen form før du legg ut på tur. Er du i kkje i slag, bli heime slik at du unngår å eventuelt smitte andre.
* God handhygiene. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute mellom folk.
* God hostehygiene. Host i papirtørkle som kastast straks etter bruk etterfølgt av handvask, eller hoste/nyse i albuekroken, dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
* Hald avstand. (minst 1 meter) til andre personar.

Me vi elles minne om å følgje Fjellvetreglane når du skal på tur.



Skrevet av Astrid Kalstveit 17. mars 2020