Utlån av randoneeutstyr

Sunnfjordbjørnen i April 2020
Sunnfjordbjørnen i April 2020 Foto: Anders Slåtten

GLADSAK!

Endeleg kan vi låne ut toppturutstyr og skredutstyr igjen! Det har vore stor etterspørsel, og difor er det veldig kjekt for oss å starte opp att, men vi må ha nokre køyrereglar. Sjølv om det vert meir aktivitet og lemping reglar frå helsemyndigheitene, så er det veldig viktig for Sogn og Fjordane Turlag å halde smittevernet.


  • Utstyret skal leverast ut på onsdagar mellom kl 12.00-15.30, og leverast inn påfølgjande måndag mellom kl 09.00 og 12.00. Det er fordi vi ynskjer å ha karantene på utstyret vårt (72 timar). Dvs at du har ansvaret for skiutstyret frå onsdag til måndag, og kan bruke det i det tidsrommet. Fyste moglegheit er onsdag 6.mai!


  • Vi tar kun imot bestillingar på skiutstyret på mail marie.sorum@dnt.no. Skriv inn namnet ditt, tlfnr, medlemsnr (dersom du er meldem), og kva skostørrelse og skilengde (m.m) du ynskjer. Sjå oversikt over skiutstyret vi leiger ut lenger nede. Prinsippet fyrst til mølla gjeld framleis, men denne gongen på mail.


  • Gjennomfør turen på ein varsam måte for å unngå skadar, eller situasjonar som kan føre til behov for hjelp frå helse- eller beredskapsressursar. Turlaget ynskjer du har erfaring med topptur eller alpint. 


Det er framleis mykje snø i fjellet, og det vert høve for mange fine skiturar framover!


Vaksen Pris (per dag utstyret er i bruk) Ungdom Pris (per dag utstyret er i bruk)
Medlem 250 kr Medlem Gratis
Ikkje medlem 500 kr Ikkje medlem 150 kr

Toppturski.

Vi har 5 par ski i lengde 157

Vi har 5 par ski i lengde 164

Vi har 5 par ski i lengde 171

Vi har 2 par ski i lengde 178


Hjelmar

Vi har 3 stk i str L

Vi har 4 stk i str M

Vi har 2 stk i str S


Sko

Vi har 1 par i str 23 (36,5)

Vi har 1 par i str 24 (38)

Vi har 1 par i str 24,5 (38,5)

Vi har 5 par i str 25 (39)

Vi har 1 par i str 25,5 (40)

Vi har 1 par i str 26 (40,5)

Vi har 1 par i str 27 (42)

Vi har 2 par i str 28 (43)

Vi har 1 par i str 28,5 (44)

Vi har 2 par i str 29 (44,5)

Vi har 1 par i str 30,5 (46)

Skrevet av Marie Sørum 4. mai 2020