Bli med på tur med DNT ung i sommar!

Foto: Øyvind Korsøen

Som eit alternativ til ungdommane i Sogn og Fjordane vert det arrangert ulike dagsarrangement godt spreidd i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Arrangementa blir gjennomført av Sogn og Fjordane Turlag, i samarbeid med dei lokale turlaga rundt om. 

Prosjektleiar for barn og unge, Marie Sørum ser fram til arrangementa arrangert i vekene etter skuleslutt. Eg vil nesten kalle det tour de Sogn og Fjordane , og eg er veldig heldig som får reise rundt i heile Sogn og Fjordane i desse tre vekene, seier Marie entusiastisk. Vi skal gjere masse kjekt, og eg håpar og trur vi har laga til aktivitetar som ungdommane har lyst til å vere med på. Ungdommane får også ein unik sjanse til å sjå kva DNT ung kan drive med, og moglegheit til å påverke til kva aktivitetar ditt lokale UNG-lag kan drive med vidare. Arrangementa er mange og forskjellige, og Marie håpar så mange ungdommar som mogleg  tore å ta utfordringa, og bli med på dei ulike aktivitetane i nærleiken. Alle arrangementa er laga til slik at du kan ta del, anten du er nybyrjar-eller erfaren. 

Vi tar smittevernreglane på alvor og det vert gjort tryggleiksvurderingar til kvart arrangement. Aktivitetane vert også risikovurdert på førehand, og storleik grupper vert 20 deltakarar per arrangement. Dersom deltakar kjenner seg dårleg, kan vedkommande diverre ikkje vere med på aktiviteten. Det skal ikkje vere noko risiko å ta del på turlaget sine aktivitetar, seier prosjektleiaren for barn og ungdom, Marie Sørum.  

Nedanfor ligg dato for dei ulike arrangementa, og vidare link til arrangementet, der ein kan melde seg på- og få meir informasjon. 

Nordfjord: 
23. juni: Randonée-tur ved Stryn Sommerskisenter.  
https://www.dnt.no/aktiviteter/122150/883928/ 

30. juni: Stisykling og overnatting i hengekøye på Sandane. https://www.dnt.no/aktiviteter/122097/883854/ 

1. juli: Surfing på Stad.  
https://www.dnt.no/aktiviteter/122484/884249/ 

Sunnfjord 
24. juni: Tur og overnatting i hengekøye i Førde. https://www.dnt.no/aktiviteter/122238/884014/ 

25/26. juni: Kajakktur i Askvoll. https://www.dnt.no/aktiviteter/122152/883930/ 

2. juli: Kajakktur i Florø.  https://www.sftur.no/aktiviteter/122555/884320/?_ga=2.137596471.608557388.1592395440-131319001.1565694041

Sogn 

6.juli: Bretur ved Tungestølen. https://www.dnt.no/aktiviteter/122235/884010/ 

9. juli. Fjelltur til Raudmelen i Balestrand.  https://www.dnt.no/aktiviteter/122488/884250/ 


Skrevet av Astrid Kalstveit 5. juni 2020