Full fres og god stemning

Som eit alternativ til dei avlyste BaseCampane vart det arrangert ulike dagsarrangement for ungdom mellom 13 og 18 år, godt spreidd i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i veke 26 og 27. Her kjem ein kronologisk turrapport frå dagsarrangementa!
Hengekøyetur med IST ung
Lina Tonheim, leiar av IST ung var med prosjektleiaren, Marie Sørum og hadde ein hengekøyetur til Bekkjavattnet i Førde. Tre tøffe, spente ungdommar møtte opp på tur, klare for nye utfordringar og nye bekjentskap. Vi møttes ved Turlagskontoret i Førde på ettermiddagen og gjekk i samla gruppe opp mot Bekkjavatnet gjennom flatane. Det var ein heit dag, god sol men heldigvis litt vind. Vel oppe ved vatnet vart det bading med ein gong. Etter badet gjekk vi opp til hengekøyeplassen og fant fine trær til hengekøyene. Utover kvelden lagde vi kyllinggryte på primus, spelte kort og leika gjømsel utover den lyse sommarkvelden. Seint men godt la vi oss i hengekøyene og sov godt og lenge utover natta og morgonen. Kl 11.00 dagen etter gjekk vi ned att til Førde sentrum.
Kajakktur i Askvoll
Det flotte været vart med oss utover veka, og kajakkturen i Askvoll var ein oppleving av det sjeldnare. Blikkstille vattn og sydentemperaturer gjer det enkelt for ungdommane å utfordre seg sjølv i kajakkane. Instruktørane Anne Grete Lien, og Jørn- Magne Hersvik tar prosjektleiaren og dei 13 ungdommane med på ein flott kajakktur rundt Prestøyna. Inkludert ein stopp til Sauesundøya, der vi åt lunsj på ein nydeleg sandstrand. Vatnet var utruleg hett, og ungdommane var meir i vattn enn på land- denne dagen. Ein perfekt dag for å øve på å bli trygg i kajakken.
Sykling på Sandane
I veke 27 vart tysdagen starta med stisykling på Sandane. Det vert frakta 7 syklar i hengar frå Førde til Sandane. Vel fremme på Vereide, møtte prosjektleiaren Jørgen Dølvik Husbyn, som skulle vise oss syklinga og seks spente deltakarar. Fire av syklane til SFT vart nytta. Jørgen tok oss fyrst med til Nordfjord Stisenter, ein fin tillaga sykkelsti med doseringar og nokon hopp, ein fin stad å begynne. Etter 3 runder i stisenteret skulle vi sykle ein tur i nærområdet. Jørgen viste oss nydelige stiar, og alle deltakarane klarte seg godt gjennom heile turen. Syklane blei ståande på Sandane, dersom nokon av ungdommane ynskjer å låne sykkel gjennom sommaren.
Overnatting på TIN campen
Tre av dei seks deltakane ville være me då sove i hengekøye i TIN campen. Jakob Leivdal Haavik kom med matvarar til middag til oss på kvelden, da laga vi gryterett på stormkjøkken. Vidare utover kvelden vart det kort-speling, gjømsel og lapper på stormkjøkken. Vi la oss til å sove ca kl 24.00, og fekk ein god natt i hengekøya.
Surfing på Stad
Etter ein natt i hengekøye på TIN-camp, drog Jakob og Marie til Stadlandet, nærmere bestemt Hoddevika, der det vart eit surfearrangement. 16 deltakarar møtte oss, spente og gria på å lære seg å surfe! Også ein del foreldre vart med på dagstur til Stad for å sjå sine unge lovende. Masse smil, flinke instruktørar frå Stad Surfing og meistringskjensle gjorde dagen til eit vellukka arrangement! Vi hadde med oss Stijn Von Ochroot, som jobbar som UNG ambassadør, det vil si at han filmer og tar bilder til sosiale medium som Instagram, snapchat og facebook!
Kajakktur i Florø
Med litt vind, sol og regn, møtte 10 ungdommar på Prestholdten, i Florø. Flora Turlag stilte med ein frivillig kajakkinstruktør som kunne ha tur med ungdommane (pga mistanke om korona hjå instuktør blei det ein tur, sitadenfor kurs). Det vat 10 ungdommar som om bada og kosa seg denne dagen. Det vart også grilling på Sørstrand, ved lunsjpausen. Turen gjekk veldig fint, og mange fekk utfordra seg i kajakken! Vi fekk også eit videoinnslag i Firdaposten.

Sjå videre aktivitet her