BaseCamp Kyst på Værlandet 2020

Foto: Marie Sørum

Frå måndag til fredag  inntok 12 flotte, motiverte ungdommar mellom 14 og 16 år skulehuset på Værlandet. Dei hadde reist frå Sunnfjord, Sogn, Bergen og Austlandet for å bruke siste del av sommaren på kystliv og nye utfordringar. Ungdommane og leirleiarane har vore ute heile dagen frå morgon til kveld- heile veka. BaseCamp kyst er eit lågterskel aktivitetstilbod der ungdommane får prøve aktivitetar som fugletitting, fridykking og kajakk, samtidig som vi er mykje saman med kvarandre og har fokus på det sosiale.

Tusen takk til alle involverte som har gjort veka heilt super! Spesielt takk til Sparebanken1 SMN i Førde som har bidrege med stønad for å gjere denne veka mogleg og gjennomføre.          

Måndagen starta bra, Bulandet og Værlandet viste seg frå si beste side med mykje sol og lite vind. Værlandet har ein utruleg spesiell og vakker natur og vi fekk god oversikt over øyane frå Høgekletten (163 moh). Seinare på kvelden fekk vi helse på dei som syt for det fine kulturlandskapet, nemleg villsauene på Værlandet. "Mamma" Hilde Buer kunne fortelje oss om villsauenes historie, og kvifor dei passar så godt inn i klimaet og landskapet på Værlandet.  

Tysdag og onsdag fekk vi instruktørar frå Go’kajakk som hadde med utstyr til kajakkpadling og fridykking, noko som ungdommane likte godt. Med godt vær og lite vind var det usedvanleg klart vatn, noko som gjorde kajakkpadlinga og fridykkinga kanskje endå betre. På kvelden desse dagane fekk vi vere med å setje ut og ta inn krabbeteine i solnedgangen. På desse turane fekk vi sjå ulike fuglar, sel og krabbe!

På torsdag var det sykkeltur til Bulandet saman med lokalkjend fugleentusiast Anders Braanaas, på denne turen fekk vi sjå ørn og mange ulike sjøfuglar. På kvelden fekk vi smake på krabbane som vi hadde fanga sjølv! Ein fantastisk oppleving for både deltakarar og leirleiarar.

Etter fem flotte dagar på på BaseCamp Kyst 2020 vart ungdommane godt kjende og gode venner. Mange av dei har til og med blitt endå litt meir glad i kystlivet og sjømat. Eg håpa nokon av dykk lagar laksetaco til familien heime.

Tusen takk til alle deltakarane og instruktørane som har gjort veka heilt super! 

Helsing leirleiarane Anette, Ingvild og Marie 

12 ungdommar var deltakande på BaseCamp Kyst
Totalt vart 8 vaksne involvert på BaseCamp Kyst Værlandet.                3 leirleiarar (Ingvild, Anette og Marie), 2 lokalkjende (Anders og Hilde) og 3 instruktørar frå Go'kajakk (Jenny, Jonas og Alfred) har vore involvert i veka
Tusen takk til Arnt på Joker Værlandet for topp service heile veka!

Skrevet av Marie Sørum 20. august 2020