Seks nye turleiarar i Ytre Sogn

Alle gode ting er tre, er det noko som heiter. Det gjeld og for turleiarkurs.
På tredje forsøk lukkast det oss å få arrangert årets ambassadør- og grunnleggjande turleiarkurs i Solund. Dei to første gongane stoppa koronaviruset oss. Men siste del av oktober er ikkje noko dåreleg tidspunkt for å halde kurs i korleis leie folk på tur. Haustfargane er fine i Solund og. Og det skiftande vêret vart berre ekstra krydder.
Vi starta fredag kveld med ambassadørkurset, slik at deltakarane vart kjende med DNT og kva organisasjonen driv med og står for.
Laurdag starta med teori om turleiing, kva ansvaret som turleiar inneber i praksis og bruk av kart og kompass. Men skal du verte ein god turleiar må du praktisere. Difor er vi storparten av kurset ute på tur. Dagens turmål vart - ikkje overraskande - det nest høgaste i fjellet i Solund, Pollatinden, med sine 541 meter over havet og storslåtte utsikt over kommunen og skjergarden.
Deltakarane vart delte inn i grupper på to, og delte på å vere turleiar. Og utfordringane stod i kø, då kursleiar Rune fekk synt fram skodespelartalentet som utfordrande "turdeltakar". Han varta opp med både skadar, tungsinn, utagerande framferd og ein god "klunk på lomma". Det er viktig at kursdeltakarane får øvd seg på utfordringar dei som turleiar garantert vil møte.
Søndagen stod Sognesjøhytta - dagsturhytta i Solund - for tur. Då fekk dei to siste deltakarane prøvd seg som turleiarar. Også dei vart sette på prøve av tidlegare nemnde Rune. I tillegg tillèt veret at vi også fekk øvd litt på praktisk bruk av kart og kompass ute i terrenget.
Alle dei seks hyggjelege og svært så dyktige kursdeltakarane bestod kurset med glans, og Ytre Sogn Turlag fekk seks nye turleiarar som du kan kjenne, du trygt kan dra på tur med.
Helsing kursleiarane Rune Valsvik og Roy Raasholm Fauske





