Rykande ferskt turprogram 2021

Bladbart turprogram 2021 (klikk i bilete).
Bladbart turprogram 2021 (klikk i bilete).

Kortreist turoppleving frå hav til bre

Annleisåret i år som gav oss mange utfordringar med smittevern, er snart til ende. Turistforeininga ser nå framover mot nytt turår, utan altfor mange restriksjonar.

Kortreist turoppleving i friluft er foreininga sitt tema i 2021. Det kunne ikkje passa betre for oss alle og den situasjonen me er i nå. Og er det noko dei lokale turlaga våre er gode på, så er det akkurat nærturen og det enkle friluftslivet. Turar som gir kvardagslukke ute ved kysten, over myr og hei og høgt til fjells.

Lokallaga våre har annonsert sine turar for alle aldersgrupper, og du finn turane kronologisk i turprogrammet. Desse turane blir også gjorde kjende med utvida omtale på laget si nettside og sosiale medium. Her finn du også dei mange og spanande midtveketurane.

Sogn og Fjordane Turlag og lokallaga har eit ynskje om å dele kortreist turoppleving med deg i 2021, med sterkt håp om eit aktivt, sosialt og triveleg turår.

Slå lag med turlaget og opplev kvardagslukke i dine unike naturområde.

Astrid Kalstveit, dagleg leiar Sogn og Fjordane Turlag

Skrevet av Astrid Kalstveit 18. desember 2020