Nytilsett organisasjonssekretær, Sogn og Fjordane Turlag

Hanne Bruaas er tilsett som organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Turlag (SFT).
Hanne er eit aktivt friluftsmenneske og nyttar store delar av fritida ute på turar i fjellet, sommar og vinter.
Hanne har utdanning innan økonomi, organisasjon og personalleiing og har siste 12 åra arbeidd ved Havyard Ship. Den breie erfaringa derifrå, trur ho kan nyttast til beste for arbeidet i turlaget.

Sogn og Fjordane Turlag er svært glade for at Hanne Bruaas har takka ja til stillinga, og ser fram til samarbeidet. Hanne sine oppgåver blir i hovudsak å følgje opp dei frivillige i lokallaga, samt vidareutvikle organisasjonen vår. SFT og Hanne Bruaas har eit felles mål, om å leggje til rette for at folk i alle aldrar skal trivast med å vere aktive ute og gle seg over det enkle friluftslivet.

Hanne Bruaas tek til i stillinga 1. mai og med kontorstad i Høyanger.

Skrevet av Astrid Kalstveit 19. februar 2021