DNB dele ut midlar ungaktivitet

Glade mottakarar ungmidlar. F.v. Marie Sørum, Astrid Kalstveit og Odd Kaare Nøstdal frå DNB
Glade mottakarar ungmidlar. F.v. Marie Sørum, Astrid Kalstveit og Odd Kaare Nøstdal frå DNB Foto: DNB, Førde

I 6 veker har DNB/PM gjennomført ein aktivitet der alle kontor/avdelingar har sett seg ambisiøse mål.

Det har vore utruleg motiverende å jobbe for å nå målet vi har sett oss denne gongen.

Basert på resultatoppnåing har nemleg kvar enkelt avdeling/kontor spart opp ein premiepott som vi kan gi til eit sjølvalgt velgjerande formål som vi brenn spesielt for.

Vi i Førde har valgt dokke, Sogn og Fjordane Turlag, då dokke kan vere med å skape sosial aktivitet trass Covid – 19 som «herjar» med oss nå. I tillegg er det kanskje viktigere enn nokon gong å komme seg opp og ut i ein stillesitjande kvardag, som det er blitt for mange. Og til slutt kanskje det viktigaste, ungdomen si psykiske helse.

Vi har samla inn kr 9 750, som bli overført til turlagskontoen.

Helsing Odd Kaare Nøstdal, finansrådgjevar, Bankkontor Førde

Skrevet av Astrid Kalstveit 8. april 2021