BaseCamp Sommar 2021 Tungestølen

Foto: Ingvild Solie Ødven/Anette Bjune Granli

Brevandring, klatring og mykje sosial moro!

Tusen takk til Gjensidigestiftinga som har gjort det mogleg for Sogn og Fjordane Turlag å arrangere BaseCamp for ungdom sommaren 2021

Ei flott veke vart gjennomført på Tungestølen, 21-25. juni. Topp vêr, kjekke ungdomar og flinke leirleiarar gjorde veka komplett! 23 spreke ungdommar møtte opp, fulle av forventning måndagen. Deriblant 19 jenter, og 4 gutar! Sjølv om det vart ein ujamn fordeling såg det ikkje ut til å plage deltakarane, og dei kosa seg frå morgon til kveld.

Deltakarane kom til campområdet måndag der dei ble tatt i mot og fekk t-skjorte. Leiar av Luster Turlag var til stade og kunne fortelje litt om området og turlaget. Det blei grilling av hamburgar og pølse til middag. Deltakarane sette sjølv opp lavvoane og utover kvelden hadde me bli-kjent-leikar.

På tysdagen vakna me til fint vêr, men det hadde vore ei kald natt. Med ein gong sola kom var det berre å kaste klea igjen. Me hadde me tur innover Langedalen, der leirleiarane hadde førebudd leikar og quiz. På kvelden hadde me bålkos og kakao og marshmellows.

Onsdag var det klart for fyrste gruppe som skulle inn på breen. Store matpakkar vart smurd, og gjengen sette innover mot Austerdalen med godt mot. Breførar Gaute Bøyum ga alle deltakarane ein kjekk dag på breen. Den andre halvparten av gruppa var ute på sykkeltur, med nye syklar sponsa av Gjensidigestiftinga, og hadde klatring og rappelering saman med Asle Veien. På kvelden vart det avslapping og bålkos.

Torsdag skulle gruppene byte. På nytt vart store matpakkar smurde, men denne dagen var det breførar Irene Befring som tok med gruppa på tur. Nok ei kjekk breoppleving, og sykkeltur og klatring. På kvelden åt me oss gode og mette på taco, etterfulgt av avslapping, leik og moro, og bålkos.

På fredagen tok me ned leiren, og alle måtte hjelpe til med å pukke søppel og rydde. Også denne dagen blei det godt vêr, tross meldingar om regn!

Alt i alt har me kost oss veldig mykje! Det har vore ein super gjeng å være på BaseCamp med, håpar dykk kjem att ved ein seinare anledning! Tusen takk for ei flott veke!

Helsing Leirleiarane Ingvild, Ingvild Sofie, Anette, Mads og Marie.