Kajakkturar og stisykling

Full fart på stisykling!
Full fart på stisykling!
Kajakktur i Sogndal
Kajakktur i Sogndal

Kajakkturar og stisykling sto på programmet på dagsarrangementene som vart gjennomført dei to fyrste vekene i sommarferien 2021. Me er svert fornøgd med alle deltakarar, instruktørar og gjennomføringane! 

Tusen takk til Gjensidigestiftinga som har gjort det mogleg for Sogn og Fjordane Turlag å arrangere ulike aktivitetar for ungdom sommaren 2021

FLORØ – INTROKURS KAJAKK 29.juni.2021
10 deltakere (1 instruktør)

Kjetil Høidal tok med dei 10 ungdommane ut i kajakk denne dagen. Flott dag for å vera på sjøen, til tider litt kjølig. Ungdommane i Florø fekk låne kajakkane frå Flora Turlag. Stor takk til dei, og Flora Kommune for godt samarbeid. Totalt fekk 20 ungdommar introduksjonskurs over 2 dagar. 
Bilde: Marie Sørum


SOGNDAL- KAJAKKTUR 30.juni.2021
6 deltakere (3 instruktørar)

Seks spente deltakarar møtte opp ved naustet til Sogndal Turlag, denne dagen. Helle Seiertun Bjerke hadde oss med ut på sjøen, og me fekk oss ein fin tur i kajakkane. DNT ung Sogndal var også representert ved Gro Hagen. Dagen ble avslutta med bading i det varme vêret. Nydeleg dag på fjorden, strålande sol! Takk til Sogndal kommune for samarbeid, og ikkje minst Sogndal Turlag for lån av kajakkane.


SANDANE- STISYKLING  06.juli. 2021
7 deltakere (3 instruktørar)

Totalt var me ein gjeng på 10 personar på tur, inkludert instruktørar og representant frå turlaget. Ein god gjeng, som fekk mykje god sykling på 2 timar! Me brukte syklane til Sogn og Fjordane Turlag, og guidane frå Nordfjord Aktiv viste oss rundt i skogen og i stisenteret. Ein veldig kjekk oppleving for store og små, Sandane har mykje godt å by på! Takk til Nordfjord Aktiv for ein strålande guiding!

Foto: Marie Sørum

Morro for voksne
Morro for voksne
Fin dag på sjøen i Sogndal. Takk til Sogndal Turlag for lån av kajakkane!
Fin dag på sjøen i Sogndal. Takk til Sogndal Turlag for lån av kajakkane!
Full fart på Eirin, Nordfjord Aktiv
Full fart på Eirin, Nordfjord Aktiv
... og barn!
... og barn!
.. det var også ein fin dag på sjøen i Kinn kommune
.. det var også ein fin dag på sjøen i Kinn kommune
Takk til Flora Turlag for lån av kajakkane!
Takk til Flora Turlag for lån av kajakkane!

Skrevet av Marie Sørum 8. juli 2021