Sommaravslutning i vakker natur

På toppen av Veten, på kanten av Sogn og Fjordane
På toppen av Veten, på kanten av Sogn og Fjordane Foto: Marie Sørum

På tampen av sommarferien vert det ein fin veke for leirleiarar og deltakarar på ein heilt ny kystcamp på Bremangerlandet!. Fjelltur, fisking, fridykking, bading, leik og moro har vore stikkord for veka!

Tusen takk til Keipen Turlag som stilte med turleiar, og lokale eldsjelar som har vore behjelpleg! 

Måndagen kom 13 spente leirdeltakarar til grendahuset ved Dalevatnet i Bremanger. Leirleiarane Anette, Magnus og Marie tok dei i mot når dei kom utover ettermiddagen. Ein av oppgåvene var blant anna å settje opp lavvoane sjølv. Utover kvelden vart det taco til middag, og bli kjent-leikar og fisking sto på programmet. 

Tysdagen sykla vi ut til Grotlesanden der vi møtte Kirsten Grotle, tidligare leiar i Keipen turlag, og kjentkvinne for dagens tur til Veten. Ny organisasjonssekretær i SFT, Hanne Bruaas kom også til og møtte ungdommane og vart med oss på tur. Flott tur, med artige skrøner, servert av Kirsten undervegs. Turen vart ca 10 km lang, og vi avslutta med eit velfortjent bad på Grotlesanden.

På kvelden fekk me låne uteplassen forran naustet hjå Kirsten, og Jan Kai Trovanger hadde med krabbe! Då fekk ungdommane smake sikkelig Bremangermat, det vart ein utruleg kjekk kveld, heilt uten knott!

Frå rundturen som gjekk innom Veten
Frå rundturen som gjekk innom Veten
Jan Kai fortel om krabbene i Bremanger
Jan Kai fortel om krabbene i Bremanger
Eit velfortjent bad
Eit velfortjent bad

onsdagen var det på tide med mellom anna fridykking, noko dei fleste deltakarane hadde gleda seg til. Leirleiar Magnus, som også er fridykkingsinstruktør, tok med seg sju ungdom og ein haug med utstyr til Grotlesanden. Her vart det ein slags introduksjon til fridykking. Den andre halparten av gruppa møtte Rogier oppe ved Oldeidetunellen, og me fekk prøve rappelering! For nokon var dette heilt nytt og måtte virkelig utfordre seg sjølv, medan andre spratt ned fjellveggen. Om kvelden vart det bading og kveldsvask. Til middag vart det laksepakker på grill med potetmos. 

Torsdagen var valfri, dei som ville prøve meir fridykking skulle få gjere det, og dei som ville på fisketur skulle gjere det! Fordelinga vart perfekt, halvparten i kano (som me hadde fått låne av skulen, som Jan Kai kom køyrande med for oss) der det var fokus på fiske og ein hyggelig lunsjplass. Dei ute i kano hadde mykje napp, og fekk ein fin aure i Dalevatnet. Fridykkarane såg masse fisk og fekk med seg tre flotte taskekrabber opp på land. På ettermiddagen møtte me kvarandre på volleyballbana før me reiste heim, og avslutta dagen med felles middag. 

I tillegg hadde kjære snille Kirsten (turleiar frå mandagen), steikt opp masse svele til oss!! Ein utruleg hyggeleg overraskelse om alle deltakarar og leiarar sette stor pris på! 

Fredagen var rydde- og pakkedag. Leirplassen vart rydda, og baggene pakka samen. Kl 12 avslutta vi leiren,  fortsatt i finvêr, noko som oppsummerte veka veldig bra.

Me har kosa oss masse, det har vore ein utruleg kjekk gjeng å vera på tur med! Håpar dykk kjem att.
Helsing Leirleiarane, Anette, Magnus og Marie

Foto: Anette Bjune Granli
Volleyball på torsdagen
Volleyball på torsdagen
Foto: Anette Bjune Granli
Rappelering
Rappelering
God teknikk ned det brattaste partiet
God teknikk ned det brattaste partiet
Foto: Anette Bjune Granli

Skrevet av Marie Sørum 19. august 2021