Fellesmøte SFT 2021 på Tungestølen

Årets Fellesmøte arrangert i spektakulære omgivnader på Tungestølen
Luster Turlag og Tungestølen Turisthytte var vertskap for årets Fellesmøte i Sogn og Fjordane Turlag. Heile 13 lokallag, 3 utval og styret i Sogn og Fjordane Turlag var representert på samlinga som talde totalt 34 personar.
Fellesmøtet er ein særs viktig møteplass for å førebu saker til neste årsmøte som vert i slutten av januar 2022.
På agendaen var status etter omorganiseringa i SF Turlag, kontingentberekningsmodellen, suksesshistorier fra lokallag og utval (og det var mange!), samt status på UT-prosjektet, frivilligfokus i DNT og sti-prosjekt på Tungestølen. Vi hadde også besøk fra Sparebankstiftinga sin direktør Hallvard Klakegg, som orienterte om søknadsprosess og samarbeid med oss i Sogn og Fjordane Turlag.
I forkant av kontingentberekningssaka hadde Jannike Brenden Frøyen eit særs godt 'krasj-kurs' i modellen slik den er i dag, dette skapte eit godt fundament for dei vidare diskusjonane og gruppearbeid. Og diskusjonane var friske og gode - akkurat slik dei skal vere.




I forkant av Fellesmøtet tok nokre turen ut i det flotte landskapet, og laurdag ettermiddag var alle ute på synfaring på ny sti som er under planlegging fra Tungestølen til Nyestølen.






