Siv Merete leier Sogn og Fjordane Turlag vidare!

Styreleiar Siv Merete Stadheim
Styreleiar Siv Merete Stadheim Foto: Hanne Bruaas

Årsmøte var samla, og gav Siv Merete Stadheim fornya tillit som styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag. 

29. januar var lokallaga i Sogn og Fjordane Turlag samla til årsmøte. På agendaen var mellom anna kontingentberekning, dugnad og administrasjon, Handlingsplan for 2022 og val, i tillegg til andre årsmøtesaker som rekneskap, budsjett og årsmelding. 

Som overskrifta syner, var det full tilslutning til at Siv Merete Stadheim fortset som styreleiar, ilag med resten av styret. Det er ei stor tillitserklæring frå organisasjonen, og eit teikn på at styret jobbar godt. 

Før årsmøte starta skikkeleg, hadde gjest Atle Hamar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, eit interessant innlegg for oss. Tema var frivilligheit og friluftsliv. Vi fekk også innblikk i litt av den politiske kvardagen som Hamar har vore involvert i på landsplan. 

Som gjest var også Alvar Melvær til stade. Alvar er æresmedlem i DNT, og er ein sterk ressursperson for Sogn og Fjordane Turlag, spesielt når det gjeld kontingentberekning. Tusen takk for god hjelp!

Endringar i organisasjonen er at Ron Overdevest går av som leiar av Naturvernutvalet etter ein lang og produktiv periode der. Tusen takk for ein kjempeinnsats i utvalet! Ron vert fortsatt med oss som ny i valnemnda. Valnemndas leiar, Anne Rudsengen, avsluttar 3 års teneste i den nemnda. Vi takkar Anne for den jobben ho har gjort, spesielt dette året. 

Nye i utval: I Kurs- og Fjellsportutvalet kjem Vigdis Flaten Kvamme inn som leiar, og Magnus Frøyen har takka ja til å leie Naturvernutvalet. I Ung-utvalet er Julie Fonn Kleiven innvald som varamedlem. 


Skrevet av Hanne Karin Bruaas 3. februar 2022