Flott gjennomført landsmøte 2022 av Haugesund turistforening!

DNT sitt landsstyre med Per Hanasand i spissen, leia oss trygt gjennom landsmøte 2022

Landsmøteforum:

Sogn og Fjordane Turlag var ein av fire foreiningar som var invitert til å presentere sin organisasjonsmodell med lokallag. Styreleiar Siv Merete Stadheim orienterte korleis vi i Sogn og Fjordane er organisert, korleis vi er finansiert, og fordelar/utfordringar med vår modell. Kjempebra presentasjon av vår styreleiar! 

DNT Telemark, DNT Oslo og Omegn, samt Bergen/Hordaland Turlag presenterte sin variant for om lag 35 deltakarar på forumet.

Landsmøte 2022:

Lillian Fjerdingen, Trondhjems Turistforening, samt Ragna Renna frå Vesterålen Turlag, vart gjenvald på landsmøtet. Inn som nytt styremedlem kom Trygve Lyshagen Tømmerås frå Voss Utferdslag. Vi gratulerer med verva og lykke til! 

Ei sak som engasjerte på Landsmøte var digitaliseringsprosessen i DNT. Sidan hausten 2021 har dei ulike IT-systema i DNT vore gjennom oppgradering, utskifting, og påfølgjande utfordringar med integrering mellom systema. Dette har skapa stor frustrasjon i foreiningane og lokallaga, noko debatten på Landsmøtet viste. DNT sin administrasjon får støtte, men er samstundes under press for å komme heilt i mål med alle tiltaka på IT. Landsstyret understrekar at ein skal ha fokus på å ferdigstille alle IT-prosjekt før nye vert iverksett.

Landsmøtet vedtok vidare 'Handlingsplan sikkerhet 2022-2025', og forlenga veivalgsperioden i DNT med to år til å gjelde til 2025.

Landsmøte er ikkje berre formelle vedtak, val og prosedyrar. Det er også aktivitetar, nettverksbygging  og gode diskusjonar med dei vi kjenner frå før i DNT-systemet. 

Fredag ettermiddag var alle invitert til å delta på opninga av Haugesund Turistforening si nydelege 'hytte' Villa Vibrandsøy. Dette praktfulle bygget, som er noko meir enn ei turistforeningshytte, har mange sengeplassar til forbipasserande padlarar og andre som er på tur.

Landsmøte 2023 vert i Tronheim med Trondhjems Turistforening som vertskap. Vertskapet ønskjer idear og innspel frå alle turlag om aktivitetar dei skal lage til, kva vil deltakarane sjå i Trondheim m.m. Ta kontakt med Lillian Fjerdingen viss du har gode idear!

Sogn og Fjordane Turlag sin delegasjon: frå v.: styreleiar Siv Merete Stadheim, Lisbeth Dahle (Sogndal Turlag), Jannike Brenden Frøyen (Keipen Turlag). Frå høgre Tor-Magne Gangsøy (Ytre Nordfjord Turlag), Irene Lunde (nestleiar SF Turlag styre) og Hanne Bruaas (organisasjonssekretær)