Topp på Toppturkurs!

Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Kurs- og Fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag, arrangerte Toppturkurs-alpint fredag 5. og laurdag 6. februar. Kurset var i samarbeid med Jølster skisenter, der kurset blei arrangert og instruktør var Even Hole og ass. Reidun Bergheim.

17 deltakarar fekk informasjon om dugande utstyr du treng og fekk lure triks av Even. Deretter var det ut og trene på bakkekøyring og trening på grunnleggjande alpin skiteknikk. Dette heldt fram laurdagen og deltakarane blei meir og meir trygge og gode på ned-rennet. 

Vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og dei vil nå trene og nytte seg av den nye kunnskapen ute i terrenget. Kursleiar Hole meiner den grunnleggjande treninga på teknikk er god å ta i ein oppkøyrd skibakke, for så og prøve seg ute i laussnøen.

Vigdis Flaten Kvamme (KFU) og instruktørane Even Hole og Reidun Bergheim
Vigdis Flaten Kvamme (KFU) og instruktørane Even Hole og Reidun Bergheim
Øving, øving - det er tingen!
Øving, øving - det er tingen!

Skrevet av Astrid Kalstveit 10. februar 2016