Heilt ferskt Turprogram 2016!

Nå kan du ble i rykande fersk versjon nytt felles

Turprogram 2016

 ( 

PDF

).


Den Norske Turistforening (DNT) har årlege tema, og i 2016 er det Familieåret der den nye familiemedlemskapen og familietilbodet står sentralt. DNT vil verte endå betre på å synleggjere og kommunisere ut dei familievenlege tilboda våre. Sogn og Fjordane Turlag og dei 15 lokallaga tykkjer dette er ei svært gledeleg satsing. Med våre 28 Barnas Turlag og fleire Ung lag, har vi allereie mange gode tilbod til barnefamiliar. Dette viser att i det rikhaldige turprogrammet vårt.

Fleire BT-lag vel å berre annonsere sine turar på Facebook, nettside og lokale oppslag. Difor er ikkje alle desse turane med i turprogrammet. Sjekk difor ditt lokale lag sine kunngjeringar på nett. Ta heile familien med på tur, og meld inn heile gjengen i same slengen! Les meir om Familiemedlemskap på dnt.no/medlem

Spørsmål om kurs og fellesturar kan du rette til kontoret i Førde, der du treff dagleg leiar Astrid Kalstveit, tlf. 57 72 06 14, e-post: sogturla@online.no. 

Programmet skal sendast ut til alle husstandar i fylket. Vent nokre veker og hald utkikk!

VI GLER OSS TIL Å SJÅ DEG PÅ TUR!

Skrevet av Astrid Kalstveit 12. februar 2016