10 nye glade deltakarar med Våtkort

Glade deltakarar på kajakk kurs i Bulandet. F.v. bak Knut Vebjørnsen, Kari Reed, Astrid Kalstveit, Erlend Yndestad, Tore Leknes og Kristin Reed Lone. F.v. framme Kay Lise Leknes, Elise Reed Lone, Kjersti Anne Ullesbust og Håvard Sandal Høyvik.
Glade deltakarar på kajakk kurs i Bulandet. F.v. bak Knut Vebjørnsen, Kari Reed, Astrid Kalstveit, Erlend Yndestad, Tore Leknes og Kristin Reed Lone. F.v. framme Kay Lise Leknes, Elise Reed Lone, Kjersti Anne Ullesbust og Håvard Sandal Høyvik. Foto: Astrid Kalstveit

10 nye Våtkort til deltakarar grunnleggjande kajakk kurs i Bulandet. Ein gjeng med ungdomar og vaksne, side om side, med bratt læringskurve laurdag og søndag. Etter litt tørrtrening på land bar det rett ut på sjøen laurdag føremiddag, godt rettleia av erfarne instruktørar Jørn Hersvik Larsen og Odin Andre Hestholm og assistent Anne Grethe Lien.

Alle trente på forskjellige åretak og sist og ikkje minst kameratredning og sjølvredning etter kantring med kajakken. Mange våte og kalde padlerar hutra seg opp i dusjen etterpå.
Søndagen blei innhaldsrik med padletur til kyrkja i Bulandet, pause i det fri, labyrint, trening og konkurranse åretak og ny runde med redning seg sjølv og andre. Tryggleik på tur blir prenta inn. Eit lærerikt og friskt kurs i vakre omgjevnader og herleg god servering hjå Liv Turid Gjørøy. Tusen takk til alle som bidrog gjere kurset til ei god oppleving og Våtkort i lomma.

Utdeling og tilpassing av utstyr og tørrtrening på land fyrst i kurset.
Utdeling og tilpassing av utstyr og tørrtrening på land fyrst i kurset. Foto: Odin Hestholm
Ut i det våte element.
Ut i det våte element. Foto: Odin Hestholm
Jørn demonstrerer ulike åretak for oss.
Jørn demonstrerer ulike åretak for oss. Foto: Odin Hestholm
God forklaring og forståing frå instruktørar i fase rulle seg utav kajakk for trening kamerat- og eigenredning.
God forklaring og forståing frå instruktørar i fase rulle seg utav kajakk for trening kamerat- og eigenredning. Foto: Odin Hestholm
Kalde og slitne på land etter bratt læringskurve.
Kalde og slitne på land etter bratt læringskurve. Foto: Odin Hestholm
Ut på søndagstur.
Ut på søndagstur. Foto: Odin Hestholm
Alle samla ved kyrkja ved Kjempeneset.
Alle samla ved kyrkja ved Kjempeneset. Foto: Odin Hestholm
Ungdomen er yr og galen.
Ungdomen er yr og galen. Foto: Odin Hestholm
Flott skue frå kyrkja.
Flott skue frå kyrkja. Foto: Astri Thorsen Landøy
Labyrint trening
Labyrint trening Foto: Odin Hestholm
Kameratredning fekk alle prøve seg på.
Kameratredning fekk alle prøve seg på. Foto: Odin Hestholm
Flotte ungdomar ventar på maten åt ho Liv Turid.
Flotte ungdomar ventar på maten åt ho Liv Turid. Foto: Astrid Kalstveit
Vakre Bulandet
Vakre Bulandet Foto: Astrid Kalstveit
Liv Turid kan få maten til å smake.
Liv Turid kan få maten til å smake. Foto: Astrid Kalstveit
Mange takk dyktige instruktørar Jørn, Odin og Anne Grethe.
Mange takk dyktige instruktørar Jørn, Odin og Anne Grethe. Foto: Astrid Kalstveit
Og alle nådde målet og her sit Elise, Kristin og Kjersti lukkelege med Våtkort.
Og alle nådde målet og her sit Elise, Kristin og Kjersti lukkelege med Våtkort. Foto: Astrid Kalstveit
Litt reklame for Gjørøyna og utsikta.
Litt reklame for Gjørøyna og utsikta. Foto: Astrid Kalstveit
Og deltakarane nytta høve sjå seg om.  og kjem gjerne att hit.
Og deltakarane nytta høve sjå seg om. og kjem gjerne att hit. Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 19. juni 2017