Hytte til hytte tur - ein suksess

22 godt nøgde turdeltakarar. Mariann Svingen lengst til venstre og ho og Kjell Kleiven leia gruppa gjennom hjarte av Jotunheimen.
22 godt nøgde turdeltakarar. Mariann Svingen lengst til venstre og ho og Kjell Kleiven leia gruppa gjennom hjarte av Jotunheimen. Foto: Kjell Kleiven

Ein variert og spennande tur i hjertet av Jotunheimen 24.-29. juli, frå Fondsbu til Gjendebu, over Bukkelægeret til Memurubu. Topptur til Surtningssue, Memurubu til Gjendebu via Storådalen, og til slutt gjennom Svartdalen til Torfinnsbu, og båttur med M/B Bitihorn tilbake til Fondsbu.

5 dagar på tur med varierande vêr, sol, regn, skodde og vind, litt av alt på ein og same dag, men lange periodar med sol og god sikt. Regnbygene kom og gikk med jamne mellomrom.

Shorts, ull, regnkle, vottar og huer skifta plass frå sekk til kropp rett som det var.

Vi gjekk bortover, bratt opp og ned, på stiar med varierande underlag, sand, grus, jord, stein, til enkelte tider sleipt og glatt, over bekkar og elvar, i djupe dalar og høge toppar.

Dagsetappane varierte frå 5-6 til 10- 11 timar, lengste og hardaste dagen var nok toppturen til Surtningssue 2368 moh, ein tur på nesten 23 km. Det var ei stund litt tvil om vi ville nå toppen, men tross regn og skodde sto alle 22 på toppen, etter ca 6 timars gange. Surtningssue er ein av dei finaste utsiktstoppane i Jotunheimen, men ingen av oss fekk oppleve det denne dagen, skodda låg tjukk som graut, litt synd det då, men sånn var det.

Bortsett frå  Surtningssue var nok Bukkelægeret det mest utfordrande på turen, for nokon av oss. Første delen på turen er meir eller mindre flat, men etter ca 2 km går stien bratt og rett opp fjellet, med enkelte utsette og luftige passasjar, men desse er sikra med kjetting som hjelpemiddel. Dei som syntest at dette var i tøffaste laget, var svært fornøgde med seg sjølv etter at denne delen av turen var over.

Dei som valgte å reise tilbake til Gjendebu med båten, 2 dagar seinare, fekk sjå oppstigniga på avstand, dei visste at dei hadde gått opp der, men undrast likevel på korleis det var muleg.

Vi avslutta turen med båttur frå Torfinnsbu til Eidsbugarden, ein tur på ca 1 time, med den sagnomsuste båten Bitihorn, som går mellom Bygdin og Eidsbugarden.

22 forskjellige personar, frå 14 til 72 år, hadde alt i alt ein kjempefin tur. 5 dagar på tur, med overnatting på betjente hytter, men 3-rettars middag, frukost og nistepakke kver dag. Sjå fleire bilete her: https://www.flickr.com/photos/isturlag

Foto: KJell Kleiven
Foto: KJell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven
Foto: KJell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven

Skrevet av Astrid Kalstveit 31. juli 2017