Basecamp

BaseCamp Sommar på Tungestølen
BaseCamp Sommar på Tungestølen

Ynskjer du ei utfordring? Meld deg på BaseCamp!

Sogn og Fjordane Turlag arrangerer årleg tre BaseCampar (BC) for ungdom i aldersgruppa 13-18 år. På BaseCamp får du testa ut mange ulike og spennande aktivitetar på ei lita veke. Dette kan vere alt frå klatring, havkajakk og bretur til fotturer, teltliv og koselege kveldar rundt bålet.​​​​​​​

Alle i aldersgruppa 13-18år kan melde seg på, og det vert ikkje sett spesielle krav til ferdigheiter eller forkunnskap om friluftsliv. Campane varar frå måndag til og med fredag. Turlaget har eller leiger alt utstyr som trengs. Under BaseCamp har me ein fast leirstad der me bur på hytte eller søv i lavvo, og syter sjølv for matlaging.

Velkomen på BaseCamp!


BaseCamp Vinter - Fivla

BC Vinter på Fivla i palmehelga lokkar ungdomen med på topptur, skredkurs og brattkjøring.

BaseCamp Sommar - Tungestølen

BC Sommar på Tungestølen i slutten av juni bringar med seg mellom anna brevandring, uteklatring, kajakkpadling og fotturar.

BaseCamp Kyst - Værlandet

På BC Kyst på Værlandet i midten av august vert det fokus på kajakkpadling, snorkling, sykling og villsau- og ørnesafari.

Video av BaseCamp på Tungestølen