Sogn og Fjordane Turlag (SFT) vart skipa i 1983 og fyrste leiar i laget var Eivind Skjerven frå Stryn. Sju lokallag slutta seg til fylkeslaget  ved oppstart, men alle dei andre 7 lokallaga kom til etterkvart. Nåverande styreleiar er Marino J. Ask, som er busett i Sogndal. 

Sogn og Fjordane Turlag med sine 6080 medlemer og 14 lokallag  er den største friluftsorganisasjonen i Sogn og Fjordane. Barna sitt Turlag har tilsaman 26 eigne lag i fylket og DNT-ung har 10 lokale grupper. I tillegg har nokre lokallag seniorlag og hav- og bregrupper.

I år har vi over 500 heildagsturar på programmet. I tillegg kjem alle dei lokale midtveketurane og nærare 140 lokale turpostar.

SFT driv informasjonsteneste med kontor i Førde. Her kan du få informasjon om hytter, ruter og turar i heile fylket. Opningstida er måndag-fredag kl. 9-15. Også prosjektleiar born og unge, Espen Bruun, har arbeidsstad ved kontoret i Førde.

Vi har inngått eit samarbeid med Breoppleving DA på Sandane. Medlemer i DNT får rabatt på desse kursa.