Hyttene våre

10 lokallag tilslutta Sogn og Fjordane Turlag har 20 hytter, som  laga driv på dugnad, og som alle kan nytte seg av. Totalt er det 43 DNT-hytter i fylket. Nokre hytter nyttar DNT-nøkkel og den kan du få kjøpt på turlagskontoret i Førde.

Avdalen gard

Fjellgarden Avdal ligg i ei bratt li i Utladalen landskapsvernområde, ovanfor Avdalsfossen. 


Betent

18 sengeplassar

Meir info på UT.no

Blåbrebu

Blåbrebu ligg vakkert til og med utsyn til Ålfotbreen landskapsvernområde.


Ubetent

14 sengeplassar

Meir info på UT.no

Fivla

Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen.


Ubetent

24 sengeplassar

Meir info på UT.no

Fuglesteg 

Steinstova Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun ved foten av Hurrungane. Sommarstid kan du få kjøpt kaffi og hedlekaker her i dette unike og vakre bygget.


Ubetent

31 sengeplassar

Meir info på UT.no

Gjegnabu

Gjegnabu ligg på 1160 moh. og er ein god høgtliggjande kvileplass etter vore oppe på Gjegnen.


Ubetent

6 sengeplassar

Meir info på UT.no

Gravadalen

Gravdalen er ein fjellstøl, som Avdalen nytta i eldre tider. Selet er sett i stand av Årdal Turlag til losji for turfolk.


Ubetent

12 sengeplassar

Meir info på UT.no

Grytadalsbu

Grytadalsbu er ei lett tilgjengeleg hytte for barnefamilie og ligg kort gange frå bilveg.


Ubetent

5 sengeplassar

Meir info på UT.no

Grøssete

Grøssete er eit gamalt nyoppussa sel og ligg med flott utsyn over Sogndalsdalen.


Ubetent

4 sengeplassar

Meir info på UT.no

Jashagbu

Jashaugbu ligg frittt og fint ved Leitet i Fresvik-Jordalen. Vik Turlag har leigeavtale med IL Modig og vil at hytta skal vere tilgjengeleg som overnattingstad.


Ubetent

4 sengeplassar

Meir info på UT.no

Kinn

Huset Kinn er eit gamalt skulehus ligg lengst vest på øya Kinn ved Florø. På øya kan du gå mange fine turar med gode naturopplevingar.


Ubetent

9 sengeplassar

Meir info på UT.no

Knekkevasshytta

Knekkevasshytta ligg i den T-merka ruta til fjelltoppen Keipen. Keipen Turlag leiger og drifta hytta.

Ubetent

12 sengeplassar

Meir info Ut.no

Longevasshytta

Longevasshytta ligg i landskapsverneområdet Naustdal-Gjengedal og har gode fiske- og turmoglegheiter rundt seg. 


Sjølvbetent

11 sengeplassar

Meir info på UT.no

Martinbu

Martinbu er ei dagsturhytte på Sandsegga og ligg på det høgste punktet på den T-merka stien til Vingelvsetra. Hytta har 15 sitjeplassar.

Massbu

Massbu er eit gamalt idyllisk stølshus, som ligg i starten av ruta til Nipebu frå Laukeland.


Ubetent

6 sengeplassar

Meir info på UT.no

Moldahytta

Moldahytta er i god stand og ligg rett sør for Langeneset i Svelgen. Hytta har fint uteområde med benkar og bord og der kan du nyte fin utsikt. Hytta har 8 sengeplassar.

Målsethytta

Målsethytta ligg i nordenden av Målsetvatnet og har innlagt elektrisitet. Hytta ligg tett ved rv. 13 og passar godt til bruk for barnefamiliar.


Ubetent

24 sengeplassar

Meir info på UT.no

Nipebu

Nipebu ligg i eit rutenett ved Langevatnet vest for Fossedalshengenipa med fiske- og bademoglegheiter.


Sjølvbetent

9 sengeplassar

Meir info på UT.no

Råkeneset

Råkeneset er ein gamal husmannsplass og ligg lunt til med moglheit for turar til fots og i kajakk.


Ubetjent

8 sengeplassar

Meir info på UT.no

Skogenes Fyr

Skongenes Fyr er ei heilårshytte som ligg lunt og storslagent til ute ved Stadlandet.


Ubetent

15 sengeplassar

Meir info på UT.no

Vetledalseter

Vetledassetra er nyoppussa og ligg vakkert til inst i Erdalen i Oppstryn.


Ubetent

Overnatting mulig

Meir info på UT.no