Kurs- og fjellsport

Kurs- og Fjellsport (KFU) Sogn og Fjordane Turlag, har ansvar for kursverksemda vår. Leiar i utvalet er Vigdis Flaten Kvamme. Medlemer og ikkje medlemer kan melde si interesse. Informasjon om kursa får du hjå Sogn og Fjordane Turlag. Skredkursa er i samarbeid med Norgesguidene https://norgesguidene.no/

Brekursa er i samarbeid med Breoppleving DA,  https://www.bre.no/

Skredkurs

Kvart år fyrste helga i februar gjennomfører Sogn og Fjordane Turlag i samarbeid med Norgesguidene snøskredkurs. Kurset er NF godkjend og instruktørane utleigde av Norgesguidene. I tre dagar får du vere ute og tileigna deg kunnskap om snøprofil og rett ruteval. Kurset gjev og god innføring i bruk av skredsøkjar, og deltakarane får høve til å prøve dette ut i praksis der ein søkjer fram att ein turkamerat under kyndig rettleiing. Søkjestang vert nytta  når ein skal gjennomgå eit tenkt skredområde, noko ein også  får teste ut.

Grunnleggande turleiarkurs


Grunnleggande turleiar er hovedstamma av turleiarar i eit lokallag, og ei viktig rolle å fylle. Fellesturar i regi av eit lokallag er ofte leia av 2 turleiarar, og gjerne kjentmann/kvinne i tillegg.

I 2022 vert det arrangert 2 kurs for å utdanne grunnleggande turleiar. Desse er i Flora i april, og i Årdal i Sogn i September. 

Stimerkekurs for fotruter

Sogn og Fjordane Turlag er opptatt av at merking av stiar og ruter i vårt område vert utført etter nasjonal standard, og DNT si merkehandbok. 

Vi arrangerer stimerkekurs for fotruter, teoridelen, på 3 timar på Teams. I etterkant vert det organisert praktisk stimerking ute i felt. Dato 9. mars for teorikurs, meld deg på!


Introkurs til kajakk

Det er i 2022 planlagt 3 introkurs i kajakk! Sogndal, Luster og Askvoll er stadene dette vert arrangert. Sjekk sftur. no og tast vidare på aktivitet!

Instruktør er Torill Mulen (Sogndal og Luster), og Odin Hestholm i Askvoll

Turleiarkurs Sommar

Sogn og Fjordane Turlag arrangerer sommarturleiarkurs 2 helger i mai og juni 2022. Dette er eit krevande kurs der du søkjer om opptak. Dei som vert deltakarar på sommarturleiarkurs må ha erfaring i turleiing, og ha planlagt turar sjølve. Sjå meir beskriving om kurset på https://www.sftur.no/aktiviteter/136629/900912/

Foto: Vigdis Flaten Kvamme