Ungutvalet

Leiar i ungutvalet, Lars Røyrhus, og medlem i utvalet, Kristine Tonning, på årsmøte til SFT.
Leiar i ungutvalet, Lars Røyrhus, og medlem i utvalet, Kristine Tonning, på årsmøte til SFT. Foto: Kristine Tonning

"Ungdom skaper aktivitet for ungdom"

Laurdag 27. januar 2018 skipa Sogn og Fjordane Turlag (SFT) eit historisk og viktig DNT Ung Sogn og Fjordane-utval. Eit samrøystes årsmøte ville opprette ung-utval, og Kristine Tonning (Indre Nordfjord) vart fyrste leiar for utvalet.

Under årsmøte 26.januar 2019 vart Lars Røyrhus frå Sogndal Turlag valt til ny leiar. Røyrhus er frå Stranda, men studerer og bur i Sogndal. Han har tidlegare vore med i styret til DNT Ung Sunnmøre, og har vore med å starte opp DNT Ung i Lofoten. Leiar skal delta på Sogn og Fjordane Turlag sine styremøte. Røyrhus skal leie utvalet i lag med medlemene Maria Kalhagen (Luster Turlag) og Kristine Tonning (Indre Nordfjord Turlag), samt varamedlemene Mads Aasen (Indre Sunnfjord Turlag) og Kjersti Anne Ullebust (DNT Ung Sogn og Fjordane). Saman med prosjektleiar born og unge, Jette Bergfjord, skal ungutvalet arbeide for å skape meir aktivitet blant ungdom i fylket!

Utvalet sine mål

Hovudmål:

Eige DNT ung Sogn og Fjordane (DNT Ung SFT) med ansvar for å skape/inspirere til aktivitet; ”Ungdom skapar aktivitet for ungdom”.

Delmål:

  • Etablere og starte opp nye DNT unglag. Arbeide for å få til unglag i Sogndal og Leikanger.
  • Styrke samhandlinga mellom lokallaga innan friluftsliv for ungdom.
  • Gjere unge i aldersgruppa 13- 26 år i fylket kjende med turlaget sine tilbod og moglegheitene for kursing innan friluftsliv. Oppmode fleire ungdomar til å bli med på turar, kurs og arrangement.
    • Marknadsføre tilboda på sosiale media.
    • Gjere ungdom kjend med tilboda gjennom besøk på skular.
  • Gjere aktivitetar tilgjengeleg for ungdom med høve til utlån av utstyr til friluftslivsaktivitetar.

Kontaktinformasjon ungutvalet

Ynskjer du å kome i kontakt med oss? Send ein e-post til: dntungsft@dnt.no
Namn Verv E-post Telefon
Lars Røyrhus Leiar lars.royrski@gmail.com 95 47 92 99
Maria Kalhagen Medlem
Kristine Tonning Medlem
Mads Aasen Vara
Kjersti Anne Ullebust Vara