Varsling sft/dnt

Me  ynsker å leggje til rette for ein organisasjonskultur som er prega av openheit og kor kritikkverdige forhold kan takast opp, diskuterast og løysast. Hovudregelen er at ein tar opp tilhøve ein meiner er kritikkverdige med den det gjeld. Når dette ikkje fører fram, eller når ein meina det er nødvendig å ta saka opp med nokon andre som kan gjere noko med dei kritikkverdige forholda, kallast det varsling.

Kva bør det varslast om?

  • Tilhøve som utgjer fare for liv og helse
  • Brot på generell norsk lovgiving
  • Mobbing, trakassering og diskriminering
  • Økonomiske mislegheiter
  • Brot på DNTs verdigrunnlag eller DNTs vedtekter 
  • Andre kritikkverdige tilhøve
  • Kven bør det varslast til?
  • Næraste leiar eller næraste som har ansvar (f.eks. turleiar, hyttestyrar eller dagleg leiar)
  • Til overordna leiar
  • Til verneombod (berre for tilsette)
  • Til leiar i styret

    Varselet bør beskrive grunnlaget for observasjon eller bekymring og vere så konkret som mogleg.

    Korleis handterast varslar i DNT:

  • Den som varslar skal vernast mot gjengjelding
  • Alle varsel skal takast alvorleg
  • Mottakar av eit varsel skal sørge for ei forsvarleg handsaming av saka
  • Varslingssaker skal handsamast fortruleg.
  • Den som har varsla skal få stadfesting på at eit varsel er motteke, og få informasjon om utfallet av saka.

    Meir detaljerte varslingsrutinar finn ein her.


Ynskjer du å varsle om kritikkverdige tilhøve, eller har spørsmål rundt varsling, kontakt dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit. Tlf: 918 07 899, e-post: astrid.kalstveit@dnt.no

Du kan også kontakte DNT sentralt for å få råd og varsle om kritikkverdige forhold. Ta kontakt med varsling@dnt.no (e-posten vert svara av HR-sjefen i DNT sentralt.