Vedtekter

VEDTEKTER FOR SOGN OG FJORDANE TURLAG

Reviderte vedtekter vedtekne på årsmøte 23. januar 2010 (omfattande revidering vedtektene)

Reviderte vedtekter vedtekne på årsmøte 29. januar 2011 (§ 1)
Reviderte vedtekter vedtekne på årsmøte 25. januar 2014 (§ p. 7 årsmøte fråval av revior)

§ 1. FØREMÅL

Laget sitt føremål er å fremje eit enkelt, aktivt,  allsidig og naturvennleg friluftsliv og å arbeide for sikring av friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag.

Namnet på laget er Sogn og Fjordane Turlag (SFT). SFT er tilslutta Den Norske Turistforening (DNT).

SFT er DNT sitt talerøyr andsynes styremakter, nemnder og utval på fylkesnivå.

§ 2. MEDLEMMER OG RETTANE DEIRA

Ein blir medlem i DNT ved å melde seg inn i eit lokallag eller ved å verte direkte medlem i Sogn og Fjordane Turlag. Berre einskildpersonar kan verte medlemmer. Medlemmer er alle som har betalt kontingent og dei som styret har innbede som medlemmer. Medlemskapen gjeld inntil utmelding eller at medlemmen vert stroken som følgje av manglande kontingentinnbetaling.

Alle enkeltmedlemmer i SFT har forslag- og stemmerett og kan veljast til tillitsverv i alle ledd frå det året dei fyller 15 år.

Medlemmer har rett til å nytte DNT sine hytter til medlemspris. Medlemmer har elles høve til å delta på kurs og andre arrangement som SFT skipar til, og elles gjere seg nytte av andre tilbod frå laget til medlemspris.

Som utsendingar frå sitt lokallag har medlemmer rett til å delta på SFT sitt fellesmøte og årsmøte frå det året dei fyller 15 år.

§ 3. LOKALLAG

SFT skal leie og koordinere samarbeidet mellom dei lokale turlaga i Sogn og Fjordane. Nye lokale turlag kan bli tekne opp som medlem etter vedtak på ordinært årsmøte.

Barnas Turlag og DNT ung kan også ha eigne lokallag direkte tilslutta fylkeslaget.

§ 4. STYRE, UTVAL OG VALNEMD

SFT har eit styre på 5 medlemmer: leiar, nestleiar, skrivar og to styremedlem. Det er 3 varamedlemmer til styret.

Årsmøtet kan opprette utval.

Valnemda har 3 medlemmer og kvar medlem vert vald for 3 år. Den som har site lengst i valnemda er leiar.

§ 5. ADMINISTRASJON

Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta av laget. Dagleg leiar vert tilsett av styret og rapporterer til styret.

§ 6. FELLESMØTET

I forkant av årsmøtet arrangerer SFT fellesmøte for representantar for lokallaga, styret og utvala. Fellesmøtet går gjennom årsrapportar frå lokallaga, fører strategidrøftingar, drøftar aktuelle saker og kan elles uttale seg i saker som er viktige for drifta av SFT.

Lokallaga dekkjer sjølve dei utgiftene dei har med fellesmøtet.

§ 7. ÅRSMØTE

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) skal halde årsmøte innan 31. januar. Innkalling blir send lokallaga seinast 1 månad før årsmøtet. Sakspapira blir sende lokallaga seinast 14 dagar før årsmøtet. Sakar som skal handsamast på årsmøtet må sendast til styret innan 1. desember

2  representantar frå kvart lokallag kan møte på SFT sitt årsmøte. Lokallaga dekkjer sjølv sine kostnader.

På årsmøtet har styremedlemmene i SFT stemmerett med unnatak av årsmelding og rekneskap. Dei 2 representantane frå kvart lokallag, 1 frå direkte tilknytta Barnas Turlag,  har stemmerett i alle saker. Ved likt stemmetal har leiaren dobbelrøyst.

Årsmøte skal handsame:

- Godkjenning av innkalling

- Godkjenning av sakliste

- Val av møtedirigent

- Val av 2 skrivarar

- Val av 2 repr. til underskriving av protokollen

- Godkjenning av årsmelding

- Godkjenning av rekneskap

- Handlingsplan for neste år

- Budsjett for neste år

- Handsame andre saker nemde i innkallinga

Val av styre:

- leiar 1 år

- styremedlemer 2 år (slik at 2 og 2 er på val kvart år)

Styret konstituerer seg på første styremøte etter årsmøtet.

- Val av tre varamedlemmer for 1 år i prioritert rekkjefølgje

- Val av leiar og medlemmer i ulike utval

- Val av ny medlem i valnemda for 3 år

- Val av utsendingar til DNT sitt Landsmøte. Tal utsendingar vert bestemt ut frå medlemstal i SFT.

§ 8. VEDTEKTSENDRINGAR

Endring i vedtektene må vedtakast med minst 2/3 fleirtal av dei som møter på årsmøtet. Styret og lokallaga kan komme med framlegg til endringar av vedtektene. Framlegg om endringar skal sendast styret innan 1. desember.

§ 9. OPPLØYSING

Oppløysing av laget må avgjerast på 2 årsmøte. Første gongs handsaming må skje på ordinært årsmøte, og minst 3/4 av dei avgjevne stemmene må stemme for oppløysing. For at vedtaket skal vere gyldig, må det handsamast for andre gong på ekstraordinært årsmøte innan ein månad seinare. Då må også minst 3/4 av dei avgjevne stemmene stemme for oppløysing.