Vinterferiemoro- Klatring og aktivitet i Sunnfjordhallen

Arrangement

Dato
18. februar kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag

Bli med å få sommarkjenslen, midt i vinterveka! I "sandhallen" er det alltid sommar. DNT ung Sogn og Fjordane, og Aktiv Fritid i Sunnfjord kommunne arrangerer klatring og volleyball i Sunnfjordhallen. Eit gratis tilbud for alle ungdommar i Sunnfjord Kommune.

Klatring: Ikkje fortvil, du må ikkje klatre heilt opp til toppen dersom du ikkje vil! Alle har godt av å utfordre seg litt! DNT ung Sogn og Fjordane stiller med flinke frivillge som sikrer deg, og kan gi deg klatretips! Dersom du har klatreustyr sjølve kan du ta med det, og viss du har brattkortet, kan du klatre sjølv! 

Aktivitet: Førde volleyballklubb arrangerar leik og moro i sanden. Du treng ingen forkunnskap til å delta denne dagen. Her blir det fokus på sosialt felleskap, leik og moro. Kanskje du lærer noko nytt?

Transport : Avreise 11.45 frå Firda Billag med retur til Firda Billag kl 15.

Oppmøte kl 12.00, varar til kl 15.00. Det vert påmelding til arrangementet, og det er maks 25 plassar. Ta med varme kle, matpakke, vattn og godt humør. 

Aktivitetane foregår på eiga ansvar. Alle under 18 år må ha samtykke frå føresett:https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/82a998377b3d6b96e329567adf312ec4ff8b7dcb.docx  (Skjemaet gjeld for alle aktivitetane av Aktiv fritid i vinterveka). Send samtykkeskjema til marie.sorum@dnt.no

Ta kontakt med DNT ung, eller Utekontakt dersom du lurer på noko! 

 

 

Kontaktinformasjon: