Grill'n Chill veka: Sandvolleyball og klatring

Arrangement

Dato
13. august kl. 12:00 - 15:00
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag, Utekontakt i Sunnfjord Kommune , Førde Volleyballklubb , Friskliv og frivillighetsenter
Turområde
Fjordane (se kart)

I "sandhallen" er det alltid sommar. DNT ung Sogn og Fjordane, og Førde Volleyballklubb saman med Sunnfjord kommunne arrangerer klatring og volleyball i Sunnfjordhallen. Eit gratis tilbud for alle ungdommar i Sunnfjord Kommune.

Klatring: Ikkje fortvil, du må ikkje klatre heilt opp til toppen dersom du ikkje vil! Alle har godt av å utfordre seg litt! DNT ung Sogn og Fjordane stiller med flinke frivillge som sikrer deg og kan gi deg klatretips! Dersom du har klatreustyr sjølve kan du ta med det, og viss du har brattkortet, kan du klatre sjølv! 

Aktivitet: Førde volleyballklubb arrangerar leik og moro i sanden. Du treng ingen forkunnskap til å delta denne dagen. Her blir det fokus på sosialt felleskap, leik og moro. Kanskje du lærer noko nytt?

Transport : Avreise 11.45 frå Firda Billag med retur til Firda Billag kl 15.

Ta med matpakke, vattn og godt humør. 

Vi følger smittevernsreglane, og ber deg om å være heime dersom du har symptom

VIKTIG: Aktivitetane foregår på eiga ansvar. Alle under 18 år må ha samtykke frå føresett: https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/98837413bc9d3d3a23ea2ff18aa4505d0fd04471.docxV(Skjemaet gjeld for alle aktivitetane på Grill'n Chillveka). Send bilde av samtykkeskjema til Utekontakt Tove Nedrebø (tlf. 415 30 913

Kva er Grill'n Chillveka? Gjensidigestifinga og Sunnfjord kommune har gjort det mogleg for oss å ha ein aktivitetsveke for ungdom mellom 13 (skal begynne på ungdomsskulen) og 19 år. Aktivitetsveka er eit samarbeid på tverts av ulike lag og organisasjoner i Sunnfjord. Du får være med på forskjellige aktivitetar, og vi ynskjer deg ein kjekk asluttning på sommarferien!

Ta kontakt dersom du lurer på noko!

Grill'n Chill veka: Sandvolleyball og klatring

I "sandhallen" er det alltid sommar. DNT ung Sogn og Fjordane, og Førde Volleyballklubb saman med Sunnfjord kommunne arrangerer klatring og volleyball i Sunnfjordhallen. Eit gratis tilbud for alle ungdommar i Sunnfjord Kommune. Klatring: Ikkje fortvil, du ...

Kontaktinformasjon:

  • Tove Nedrebø
  • Tlf. 415 30 913