Dagskurs skred ungdom i Sogndalsdalen (14-26 år)

Kurs

Dato
5. mars kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Sogndal Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

I samarbeid med Norgesguidane arrangerer Sogn og Fjordane Turlag eit dagskurs i skred i Sogndalsdalen, Hodlekve. 

Formålet med kurset er å gje ungdom, 14-26 år, grunnleggjande praktisk kunnskap for å handtera terreng i vinterfjellet, ved å kjenne igjen og identifisera heng og fjellsider som er brattare enn 30 grader. Me nytter kart og moderne hjelpemidler. Det inkluderer enkle tiltak for å unngå å bli eksponert for skredfare. Det er tilrådd at du kan bruke ski nytta til topptur, men det er ikkje noko krav til skidugleik. Kurset gir introduksjon i skredteori, slik at du som deltakar får ein god basis å byggje vidare på. Vi er på tur heile dagen og fokuserer på å gjenkjenning av potensielt skredterreng, gode ferdselsrutinar i skredterreng og innføring i bruk av sendar/ mottakar (skredsøkjar).

Oppmøte kl. 09.00 i Dalalåven i Sogndal skisenter (Hodlekve). Vi oppmodar til samkøyring. Kurset startar med litt teori, og deretter er det ut på tur.

Utstyr: Alle deltakarar stiller med spade, søkjestong, sender/mottakar, grunnleggjande førstehjelpsutstyr og vinterklede for å være ute ein heil dag. Deltakarar må ha ski/brett som eignar seg til nedkøyring, og må ha feller til. Har du ikkje alt utstyr som nemnast her? Sogn og Fjordane Turlag tilbyr rimeleg utlån av ski, sko, feller, hjelm og «skredpakke» (sendar/mottakar, spade og søkjestong) til deltakarar på kurset. Ta kontakt med Sogn Skisenter i derira opningstid for å låne ski. Ta kontakt med Sogn og Fjordane Turlag for å låne skredpakke. 

Stad: Dalalåven i Rindabotn, Sogndalsdalen
Kursleiar: Instruktør, Norgesguidene

Ikkje DNT-medlem? Det kostar berre 220 kroner å vere medlem av DNT ung dersom du er 18 år eller yngre. For dei mellom 19 og 26 år kostar det 360 kroner. Du meldar deg enkelt inn her HER. Medlemskapet gjelder då t.o.m. 31.12.2022

Dagskurs skred ungdom i Sogndalsdalen (14-26 år)

I samarbeid med Norgesguidane arrangerer Sogn og Fjordane Turlag eit dagskurs i skred i Sogndalsdalen, Hodlekve.  Formålet med kurset er å gje ungdom, 14-26 år, grunnleggjande praktisk kunnskap for å handtera terreng ...

Kontaktinformasjon:

  • Hanne Karin Bruaas
  • Tlf. 48236615
  • E-post: sft@dnt.no