Rekordeltaking og god stemning

Rekorddeltaking med over 50 små og store på SFT si årsmøtesamling på Skei.
Rekorddeltaking med over 50 små og store på SFT si årsmøtesamling på Skei. Foto: Anne Rudsengen

Ei inspirerande og triveleg årsmøtehelg Sogn og Fjordane Turlag er over, og vel 50 personar med stort og smått gledde seg over medlemsvekst, nytt ungutval og jubileumsår både sentralt og lokalt i DNT.  Nytt styre og utval er valt og gode innlegg og debattar skal gjere organisasjonen vår endå betre rusta for framtida. Elisabeth Dahle frå FNF heldt engasjerande innlegg om Friluftsliv i Sogn og Fjordane - i eit samfunnsperspektiv. Og Kari Einen synte oss eit nyttig vektøy Papirfly, som er greitt å bruke for turlaga. Og me hadde kakefest og talar for tillitsvald Tor Arne Hauge, SFT 35 år, DNT Ung 30 år og
DNT 150 år. 

Katrine Fjellestad Aske, styreleiar Midtre Nordfjord Turlag, heldt innlegg om imponerande Trivselsskogen og Trygg i naturen prosjekt på Sandane. Eit fantastisk pilotprosjekt DNT har bidrege med løyving midlar frå Extrastiftelsen. Les fyldig årsmelding SFT 2017. Vedteken Handlingsplan 2018.

Marino J. Ask fekk fornya tillit som styreleiar og Irene Lunde (MNT) blei valt til ny styremedlem. Styret er nå samansett av Ask, Tor Arne Hauge, Tor Magne Gangsøy, Irene Lunde og Silje Marita Vallestad. Varamedlem Odd Henrik Berge, Inger Lise Langedal og Rune Valsvik. Vigdis Flaten Kvamme held fram som leiar i Kurs og Fjellsport og Jarle Mundal vert ny medlem. Ron Overdevest held fram som leiar Naturvernutval og Anita Taftø er ny medlem. Lukke til med viktige verv og godt turlagsarbeid.

Elisabeth Dahle heldt innlegg om friluftslivet i fylket.
Elisabeth Dahle heldt innlegg om friluftslivet i fylket. Foto: Astrid Kalstveit
Nytt styre SFT  2018. F.v. Marino J. Ask styreleiar, Silje Marita Vallestad, Irene Lunde, Tor Arne Hauge og Tor Magne Gangsøy.
Nytt styre SFT 2018. F.v. Marino J. Ask styreleiar, Silje Marita Vallestad, Irene Lunde, Tor Arne Hauge og Tor Magne Gangsøy. Foto: Astrid Kalstveit
Me hadde mykje å feire og her forsyner nyvald leiar DNT Ungutval Kristine Tonning seg av jubileumskaka.
Me hadde mykje å feire og her forsyner nyvald leiar DNT Ungutval Kristine Tonning seg av jubileumskaka. Foto: Astrid Kalstveit
Dei unge føl med og tek del i diskusjonar.
Dei unge føl med og tek del i diskusjonar. Foto: Rolf Engløkk
Katrine Fjellestad Aske hausta ros for sitt engasjement for Trivselsskogen og Trygg i naturen prosjekta-
Katrine Fjellestad Aske hausta ros for sitt engasjement for Trivselsskogen og Trygg i naturen prosjekta- Foto: Astrid Kalstveit
Foto: Anne Rudsengen

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Astrid Kalstveit 30. januar 2018