DNT UNG sitt 30. landsmøte

DNT ung sitt 30. ordinære landsmøte vart arrangert i Drammen6.-8. april. Vi var 4 ungdomar som deltok frå Sogn og Fjordane, Mads Aasen, Anders Nesse, Maria Kalhagen og Kristine Tonning. 2 av oss reiste ned torsdagen og var med på overnatting på Eiksætra etterfølgt av Hæljrace. Resten av gjengen kom ned på fredagen.
Generalsekretæren i DNT, Nils Øveraas åpna landsmøte ved å rappellere ned frå rådhuset. Fredags kvelden var det duka for regionale samlingar og framlegg av resolusjonen, middag og eit spennande foredrag med Stian med sekken. Stian med sekken er ein såkalla deltids eventyrar og jaktar det gylne augeblikket.
Laurdagen var den store møtedagen. Mange interessante saker og tema vart teke opp og fleire gode debattar og synspunkt blei lagt fram. Aleksander Gamme var invitert til landsmøte der han haldt eit spennande foredrag om sine eventyr.
DNT ung feira 30.års jubileum i år og på laurdagskvelden blei det god middag, prisutdeling og underhaldning.
Siste dagen fikk vi velje den aktiviteten vi ville delta på. Mads og Anders var med på klatring og Maria og Kristine deltok på sykurs, der Maria lagde sin eigen kalkpose.
Ei kjekk og lærerik helg er over og vi vender nasa heim til våre lokallag og fortset arbeidet med å få fleire ungdomar ut på tur, seier Kristine Tonning, leiar SFT sitt DNT ung utval.





Klikk her for å skrive tekst.