Yoga med havutsikt

Å trene yoga på Grotlesanden og med utsikt til havet, gir ekstra energi og ro i kroppen.
Å trene yoga på Grotlesanden og med utsikt til havet, gir ekstra energi og ro i kroppen. Foto: Astrid Kalstveit

Med kyndig instruksjon i vakre omgjevnader, vart årets yogahelg, som alltid, ei god oppleving for 18 deltakarar. I år var Grotlesanden/Iglandsvik i Bremanger valt som staden å møtast for yoga og naturoppleving. Det er fjerde gongen Sogn og Fjordane Turlag og Friskis&Svettis Førde i samarbeid arrangerer yogahelg i mai. Tidlegare har turane gått til Skongsnes fyr i Vågsøy, Fuglesteg i Luster og Fanøy i Flora. Det er turlaget, ved Astrid Kalstveit, som står for den praktiske delen av arrangementet og tek i mot påmeldingar.

Klassisk yoga
Instruktørane frå Friskis&Svettis var Gunn Karoline Fugle (yoga) og Randi Hove (middelstrening). Friskis&Svettis Yoga bygger på den klassiske Hahta-yogaen sine prinsipp og er ein eigen yogaform utvikla i harmoni med Friskis&Svettis idé. Med enkle, sikre og trygge øvingar for styrke, balanse og fleksibilitet, blir det skapt ei roleg og meditativ trening. Yogatrening er hovudaktiviteten på denne samlinga, men det er også lagt inn ei Friskis&Svettis-trening med kondisjon og styrke.

Ute og inne
Å trene yoga på ein naturskjønn stad, gjer ekstra godt for både kropp og sjel, og yogamosjonistar trenar gjerne ute. Men i år innfridde ikkje vêret heilt og sola, som vi venta på, kom ikkje medan vi var på tur. Laurdag vart første yogatimen gjennomført på den fine Grotlesanden, med yogainstruktør Gunn Karoline Fugle. Seinare trekte vi i hus, på grunn av regnet som gjorde det litt for vått å trene yoga på den finkorna sandstranda. Men, når ein har sandstrender rundt seg er det freistande å nytte høvet til eit bad, uansett temperatur. Så søndag morgon valde nokre av deltakarane å starte dagen med eit friskt morgonbad, i lett yr.  Og nokre bada i havet etter siste yogatime søndag også!
Det la ingen dempar på stemninga å ha resten av yogatimane innandørs. To yogatreningar før lunsj og deretter ei middelstrening, sette punktum for ei sunn og fin helg i havgapet.  

Tekst og foto:  Anne Brit Sande 


Foto: Anne Brit Sande
Foto: Anne Brit Sande

Skrevet av Astrid Kalstveit 7. mai 2018