5% medlemsvekst

Kom deg ut-dagen samlar mange unge og vaksne til felles aktivitet.
Kom deg ut-dagen samlar mange unge og vaksne til felles aktivitet. Foto: Indre Nordfjord Turlag

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) opplever årleg ein jamn og god medlemsvekst. Rundt  400 små og store har meldt seg inn siste året i turlaga og dette utgjer ei 5% auke i det samla medlemstalet. Av desse er 150 born og unge og dette er ei svært gledeleg utvikling i fylket sin største friluftsorganisasjon.

SFT mottok på leiarsamlinga i Arendal den 27. oktober pris; "Vinner av Størst vekst 2018 - Store foreninger med 5000 og flere medlemmer". Denne utmerkinga fekk foreininga også i 2016, og Sogn og Fjordane Turlag er takksame for den gode årlege veksten og alle som vil bli med oss på turane, BaseCamp og kurs. Alle dei 14 lokallaga baud på eit variert og fullpakka turprogram i år, og nå ligg nye spanande turtilbod klare for 2019 programmet. Det er berre å gle seg og nytt turprogram skal vere ute i postkassane fyrste i januar. Og me vil ha deg med ut i friluft og som medlem i turlaget. Velkomen!

Styreleiar og dagleg leiar i SFT mottok gjev pris av generalsekretær Dag Terje Solvang og styreleiar i DNT Per Hanasand
Styreleiar og dagleg leiar i SFT mottok gjev pris av generalsekretær Dag Terje Solvang og styreleiar i DNT Per Hanasand

Skrevet av Astrid Kalstveit 7. november 2018