500 000 til prosjektet Ung Meistring

Hjørdis Vik i gåvestyret til Gjensidigestiftelsen kom med heile 500 000 kroner til friluftsprosjekt Ung meistring. Ungmedarbeidar Jette Bergfjord og dagleg leiar Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane Turlag kunne gle seg over gåva som skal få fleire unge ut på tur.
Hjørdis Vik i gåvestyret til Gjensidigestiftelsen kom med heile 500 000 kroner til friluftsprosjekt Ung meistring. Ungmedarbeidar Jette Bergfjord og dagleg leiar Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane Turlag kunne gle seg over gåva som skal få fleire unge ut på tur. Foto: Hjørdis Vik

Gjensidigestiftelsen gir 500 000 kr til prosjekt som skal få fleire unge ut på tur!
Sogn og Fjordane Turlag står bak prosjektet, som går ut på å kjøpe inn og låne ut kajakkar og randonnéutstyr til turglade ungdommar i heile fylket. Organisering og praktisk administrasjon skjer i eit samarbeid med lokallaga.

- Dette er svært gledeleg, då det er ei auka interesse for randonné og kajakkpadling, seier ein godt nøgd leiar for Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

Fysisk aktivitet og tilbod som inkluderer fleire

 Ved å ha utstyr tilgjengeleg for utlån og utleige vil vi få endå fleire med på tur! Ut i frå erfaringar frå andre turlag, så er vi trygg på at dette blir populært og mykje brukt.

Indre Nordfjord Turlag og Sogn Fjordane Turlag har hatt suksess med utlån ski i samarbeid med lokalt skisenter. Luster Turlag og Sogndal Turlag har naust og utleige kajakkar og dette tilbodet er også mykje nytta. Snart vil det vere tilsvarande tilbod i Ytre Nordfjord.

Turlaga som får kajakkar tilgjengeleg vil arrangere kajakkurs og fleire kajakkturar der ein kan lære trygg åtferd i det våte element. For dei turlaga som investerer i ski og skiutstyr så vil det vere fokus på trygg og rett bruk på eigne turar og ved å arr. teknikk og skredvettdagar.

Nokre av turlaga samarbeider innad og med andre aktørar. Til dømes vil Sogndal Turlag ha sine kajakkar liggjande i naustet som tilhøyrar Sogndal Folkehøgskule. Skulen vil då få tilgang til kajakkane nokre dagar gjennom skuleåret, mot gratis bruk av naust.

Hjørdis Vik i gåvestyret til Gjensidigestiftelsen meiner prosjektet er spennande, både fordi det gjer inngangsterskelen til populære friluftsaktivitetar lågare og fordi det bidreg til eit større mangfald av aktivitet i fylket.

- Utstyr er ein føresetnad for å drive med denne type friluftsliv. DNT har vist god gjennomføringsevne gjennom midlar dei har fått tidlegare, og vi ser at denne typen prosjekt kan vere viktige bidragsytarar for å få med fleire ut på tur.


Glade gåvemottakarar på vegne av lokallaga og SFT.
Glade gåvemottakarar på vegne av lokallaga og SFT. Foto: Hjørdis Vik

Skrevet av Astrid Kalstveit 19. desember 2018