Opptur for mange 8. mai

Opptur for 8. klassingane i Bremanger gjekk til turlagshytta Knekkevass og fekk undervegs høyre om naturen og historia for Svelgensamfunnet.
Opptur for 8. klassingane i Bremanger gjekk til turlagshytta Knekkevass og fekk undervegs høyre om naturen og historia for Svelgensamfunnet. Foto: Kirsten Grotle

OPPTUR er DNT sin nasjonale turdag for 8. klassingane og i vårt fylke blei dagen markert 8. mai i fleire av lokallaga våre. Tur, aktivitet og historieforteljing stod på programmet. For dei 50 elvevane i Lærdal og Aurland gjekk turen på Kongevegen mellom Sjurhaugfossen og Selthun bru. Målet er å få fleire ungdomar til å oppleve gleda ved friluftslivet og gjera turmoglegheitene i nærmiljøet betre kjent, seier Rolf Enløkk, styreleiar Lærdal Turlag.

8.klasse ved Askvoll- og Gjelsvik ungdomsskule la i veg mot Blåfjellet 533 moh. Vêret var ikkje ideelt, sol, overskya, kaldt, regn og snø, men heldigvis ikkje regn. Nedturen gjekk via Eggene og Bjørndalen, fortel turleiar Vigdis Flaten Kvamme.

Turlaget i Ytre Sogn arrangerte OPPTUR for omlag 70 elevar frå 10 skular i 5 ulike kommunar. Dei tok turen til Solund og Krakhella, der dei gjekk ein lett tur  på Hamnafjellet med god utsikt til havet mellom haglebygene.

I Flora Turlag har dei årleg tradisjon ta elevane med på tur og aktivitet og målet er vakre Brandsøyåsen og 200 elevar tok del. Indre Sunnfjord hadde dei tur og markering frigjeringsdagen på Hornnesstølen i regi styreleiar Kjell Arne Hjellbrekke. Alle ungdomane fekk og prøvd seg på klatring og DNT ung tillitsvalde stilte opp og rettleia i klatringa.

I Keipen Turlag er Knekkevasshytta eit kjent og kjært turmål, og elevane fekk fortalt historie om natur og kraftutbygginga i området, som var med å danne Svelgensamfunnet.

Takk til alle dei dugande tillitsvalde som stiller opp og gjer denne dagen kjekk og opplevelsesrik for elevane i fylket vårt.
Takk også til Olden Brevatn AS som gir elevane vatn til oppturen sin.
Også tidleg i juni vert det arrangert OPPTUR i regi Indre Nordfjord, Vik, Midtre Nordfjord, Luster og Sogndal området. Dette er alternativ dag for dei som av ulike årsaker ikkje kan arrangere i mai.

Opptur Gjelsvik og Askvoll ungdomsskule på Blåfjell 533 moh..
Opptur Gjelsvik og Askvoll ungdomsskule på Blåfjell 533 moh.. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Ungdomsskuleelevar frå Aurland og Lærdal hadde med Kåre Hovland til å fortelje om Kongevegen.
Ungdomsskuleelevar frå Aurland og Lærdal hadde med Kåre Hovland til å fortelje om Kongevegen. Foto: Rolf Engløkk
I ytre Sogn var 80 elevar samla i Solund på Hamnafjellet
I ytre Sogn var 80 elevar samla i Solund på Hamnafjellet Foto: Liv Brekken
Elevane i Førde tok turen til Hornnesstølen.
Elevane i Førde tok turen til Hornnesstølen. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke
Liv og røre på Brandsøyåsen.
Liv og røre på Brandsøyåsen. Foto: Arnfrid Bergheim
Leik og moro på stølen
Leik og moro på stølen Foto: KJell Arne Hjellbrekke
Hamnefjellet
Hamnefjellet Foto: Liv Brekken
Kongevegen
Kongevegen Foto: Rolf Engløkk
På knekkevasshytta var det godt og varmt.
På knekkevasshytta var det godt og varmt. Foto: Kirsten Grotle
Oppturen i Flora gjekk til Brandsøyåsen
Oppturen i Flora gjekk til Brandsøyåsen Foto: Arnfrid Bergheim
Kongevegen
Kongevegen Foto: Rolf Engløkk
På veg opp til Knekkevasshytta.
På veg opp til Knekkevasshytta. Foto: Kirsten Grotle
Flott sikring av DNT ung på OPPTUR Førde
Flott sikring av DNT ung på OPPTUR Førde Foto: KJell Arne Hjellbrekke

Skrevet av Astrid Kalstveit 11. mai 2019