Jostedalsbreen på langs 2019

Himmelen er framleis blå og kursen vert planlagt
Himmelen er framleis blå og kursen vert planlagt Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Vi kan vel seie at årets tur over Jostedalsbreen vart noko annleis enn turane vi har gått over breen tidlegare år. Årsakene til dette var fleire. Det var lite snø i frå starten av turen, skodde, snø, regn, mildvêr og blaut snø. Alt dette gjorde til at det vart ein tung og strevsom tur.

 

Turen starta torsdag kveld. Vi gjekk opp frå Fåbergstølsbreen, der det normalt sett er gode skiforhold innover dalen og opp til brekanten. Men, i år var det langt frå normalt. Snøen var vekke i heile dalføret, det var tøya like opp til ca 1000 moh.

At snøen var vekke, var ikkje det største problemet. Det som verre var, det var at store delar av stien var totalt rasert. Opp gjennom dei bratte liane var det berre kampestein og moreneryggar, og med tunge sekkar der ski var påfesta, brukte vi mykje krefter på å nå brekanten denne kvelden.

 

Første morgon starta med sol og forholdsvis blå himmel. Alle var ved godt mot, sjølv om snøen var litt blaut slik at det var litt tungt føre. Når vi nærma oss vestsida av breen, såg vi skodda komme sigande, og den kom for å bli. I lag med skodda kom regn- og snøbygene òg. Slik vart vêret denne dagen, heilt til vi slo leir.

 

Neste morgon vakna vi til tjukk skodde og snøbyer. Natta hadde heller ikkje vore av dei rolegaste sånn vindmessig, det var som om at telta skulle fyke avgarde. Dei siste oppdateringane på vêrmeldingsfronten gjekk ut på at vi skulle få same vêr resten av dagen og store delar av neste dag. For å unngå at resten av turen skulle ende opp med at vi ikkje såg lengre enn skituppane, valde vi å legge om ruta og å korte inn turen med ein dag.

 

Vi sette kursen mot Steinmannen og vidare fram mot Hauganosi, for deretter å gå ned til Gjerde i Jostedalen. Dette viste seg å vere eit godt val, for på austsida av breen var det sol frå nesten skyfri himmel. Dette medførte til at vi fekk ei knallfin avslutning på ein elles så tung og strevsam tur.

Takk til alle som deltok.

Turleiarane

Fyrste etappe måtte turfølgje gå på beina.
Fyrste etappe måtte turfølgje gå på beina. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Første morgon starta med sol og forholdsvis blå himmel.
Første morgon starta med sol og forholdsvis blå himmel. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Komne inn på breen.
Komne inn på breen. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Har passert høgste punkt på Breakulen med kurs mot Steinmannen.
Har passert høgste punkt på Breakulen med kurs mot Steinmannen. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Skrevet av Astrid Kalstveit 31. mai 2019