Høgthengjande heider

Bilder fra festmiddagen på landsmøtet i Lofoten i 2019.
Bilder fra festmiddagen på landsmøtet i Lofoten i 2019. Foto: Marius Dalseg Sætre

DNT sin heidersknapp er ei utmerking som vert tildelt personar som i særleg grad har arbeida til det beste for DNT og organisasjonen sitt føremål. I år blei heidersknappen delt ut til Alvar Melvær for hans mangeårige bidrag for å sikre fremtida sine turgåarar naturopplevingar for livet.

– Melvær har vore engasjert i Sogn og Fjordane Turlag heilt sidan 1984 og han leia naturvernutvalget i foreininga fram til 2011.  Han har vore medlem i DNT sin Naturvernkomite og har lagt ned ein innsats som verkeleg bidrog til nasjonalt naturvernarbeid.  Særleg har Alvar sin kompetanse på høyringsfråsegner knytta til energisaker vore uvurderleg bidrag både lokalt og nasjonalt, sa DNT sin styreleiar Per Hanasand under overrekkinga under festmiddagen i Lofoten.

Sogn og Fjordane Turlag vil gratulere Alvar Melvær så mykje med utmerkinga og takke for grundig, kunnskapsrikt og omfattande naturvernarbeid i og utanfor fylket.

Bilder fra festmiddagen på landsmøtet i Lofoten i 2019.
Bilder fra festmiddagen på landsmøtet i Lofoten i 2019. Foto: Marius Dalseg Sætre

Skrevet av Astrid Kalstveit 11. juni 2019