Turprogram 2020

 I 2020 vil Den Norske Turistforening (DNT) ha fokus på berekraft og det enkle og naturvenlege friluftslivet. Lokallaga vil arrangere mange unike turar i sine nærområde. Dei vil leggje til rette for at fleire unge og vaksne får oppleve turglede, og at dei kan få kunnskap om omsynsfull ferdsel i naturen.  Slik vil truleg endå fleire bli glade i nærområda sine og ha mest mogleg sporlaus ferdsel. 

Turleiarar i ditt lokale turlag stiller opp og tek deg med på toppar, til gamle stølar, historisk vandreruter, ut til der båra bryt og inn i mørke  skogen. Ute på tur kan du få sanse naturen og gle deg over opplevingar som ljoset, utsikta, lydane, vêrskifte, bølgjeskvulp, fuglesong og dyrespor. Turprogrammet (bladbar) vil gi deg naturopplevingar og kunnskap, og alle er velkomne med ut, anten på dagtid eller på kvelden.
Sogn og Fjordane Turlag ynskjer endå fleire med på laget, som kan ta vare på norsk tur kultur og vårt rike og unike naturmangfald.

God tur!

Programmet vert sendt til alle husstandar  i start januar 2020.

Skrevet av Astrid Kalstveit 17. desember 2019