Innhaldsrikt årsmøte SFT

Delegat frå alle dei 14 lokallaga og SFT sitt styre og administrasjon.
Delegat frå alle dei 14 lokallaga og SFT sitt styre og administrasjon. Foto: Rolf Engløkk

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) sitt årsmøte, halde 25. januar, gav Siv Merete Stadheim fornya tillit som styreleiar. Steffen Sandene er nyvald styremedlem. Silje Marita Vallestad og Irene Lunde tok attval som styremedlem og Karen Weichert var ikkje på val i styret.
Leiar i Naturvernutvalet, Ron Overdevest, leiar Kurs-og Fjellsport, Vigdis Flaten Kvamme og leiar SFT Ung, Lars Røyrhus, tok alle attval.

Årsmøtet sine delegat frå lokallag og SFT sitt styre har handsama viktige organisatoriske saker, som nye retningsliner valnemd, nye mål SFT Ung, handlingsplan og vedtak i høve SFT foreininga si framtid. SFT held fram som eiga foreining i Vestland fylke.


SFT vil gjere nødvendige grep i høve administrasjon, som skal styrkje og avhjelpe lokallaga i deira aktivitet.
Sogn og Fjordane Turlag kan sjå attende på eit aktivt år med god auke overnatting på hytter i lokallaga, auke deltaking turar og auke tal medlemer samla i alle dei 14 lokallaga. Laga står for ei imponerande utvikling i høve nye turtilbod, midtveketurar, lågterskeltilbod og aktivitet for born og unge med kurs og utlån utstyr kajakk og ski. Også på hyttefronten har Luster Turlag hatt eit stort løft på Tungestølen, Ytre Nordfjord Turlag på Kråkenes fyr og Flora Turlag som har overteke skulehuset på Kinn. Eit omfattande dugnadsarbeid vert lagt ned ute i desse laga og tal overnattingar har auka monaleg.
Sjå vedteken 
Årsmelding SFT og godkjent protokoll årsmøtet.

Anne-Mari Planke, leiar natur og friluftsliv, DNT, vitja årsmøtet og føredrog om "Eitt DNT-ein samla organisasjon for medlemer, tillitsvalde, frivillige og tilsette. Les Planke sitt innlegg.

Styret og utvalsmedlemer f.v. Silje Vallestad, Irene Lunde, Karen Weichert, prosjektleiar born og unge, Marie Sørum, Lars Røyrhus, Siv Merete Stadheim, Odd Henrik Berge, Anita Taftø, Steffen Sandene og Ron Overdevest.
Styret og utvalsmedlemer f.v. Silje Vallestad, Irene Lunde, Karen Weichert, prosjektleiar born og unge, Marie Sørum, Lars Røyrhus, Siv Merete Stadheim, Odd Henrik Berge, Anita Taftø, Steffen Sandene og Ron Overdevest. Foto: Astrid Kalstveit
Tor Magne Gangsøy (YNT) blei takka av i styret av styreleiar Siv Merete Stadheim.
Tor Magne Gangsøy (YNT) blei takka av i styret av styreleiar Siv Merete Stadheim. Foto: Astrid Kalstveit
Leiar i valnemnd Dag Apalseth blei takka for godt treårig valarbeid.
Leiar i valnemnd Dag Apalseth blei takka for godt treårig valarbeid. Foto: Rolf Engløkk
Konsentrerte delegat på årsmøtet.
Konsentrerte delegat på årsmøtet.

Skrevet av Astrid Kalstveit 27. januar 2020