Opp kom dei alle saman

Klatrekurs på Sagefloten i regi KFU, Sogn og Fjordane Turlag
Klatrekurs på Sagefloten i regi KFU, Sogn og Fjordane Turlag Foto: Asle Veien

Opp kom dei alle saman… og ned trygt igjen også!
Det var 8 deltakarar som søndag ettermiddag kunne vandre vekk frå klatrefeltet på Sagefloten med eit signert brattkort i lomma og eit smil om munnen etter å ha gjennomført Sogn og Fjordane Turlag sitt to-dagars kurs i sportsklatring ute.
Jølster var spesielt godt representert på dette kurset og kjekt er at den nye klatreveggen på Skei får kompetente sikrarar på plass.
Litt usikre og skjevande hender og føter vart til stødige klatrarar og sikrarar etter gode 15 timar i og ved klatreveggen.
Kursleiar Asle Veien 

Foto: Asle Veien
Foto: Asle Veien
Foto: Asle Veien

Skrevet av Astrid Kalstveit 31. august 2020