Verdspremiere på "MiniBaseCamp"

BC kyst 2018
BC kyst 2018 Foto: Marie Sørum

Bli med å prøv noko heilt nytt!

I haust arrangerer DNT ung Sogn og Fjordane for fyste gong MiniBaseCamp i haustferien (veke 41)!

Er du mellom 14 og 16 år, kan dette passe heilt perfekt for deg! 

I løpet av veke 41 vert det arrangert to ulike campar, med mykje forskjellig aktivitet. Her kjem ein oversikt over dei begge to: 

Tungestølen, 6.-8. oktober 2020

 På Tungestølen møter du to turleiarar som tar deg med på kjekk sosial aktivitet, bretur til Austerdalsbreen, god mat, og klatring eller fottur inn Langedalen. Vi har det du treng av naudsynt utstyr for å gå på breen! Du treng inga tidligare erfaring med verken klatring eller bre. 

Sjå meir om arrangementet og meld deg på her: https://www.sftur.no/aktiviteter/124326/886459/


Kinn, 9.-11. oktober 2020

På MiniBaseCampen på Kinn møter du ein eller to kompetente turleiarar som vil ta deg med gjennom fridykkinga. Kanskje kan du lære noko nytt om havet, og kva ein kan ete? DNT ung Sogn og Fjordane har det du treng av naudsynt utstyr for å prøve fridykking, men om du har eiga utstyr- så ta med det! Våtdrakta må være minst 5mm tykk. Du treng inga tidligare erfaring med verken fridykking eller BaseCamp, her er alle velkomne!

Sjå meir om arrangementet og meld deg på her: https://www.sftur.no/aktiviteter/124429/886593/

Skrevet av Marie Sørum 4. september 2020